internasjonalisering

Professor i Hongkong: — Ingen fortalde at det kunne vera lurt å flytta på seg

Espen Aarseth vart professor før han var 40, ved institusjonen han var student. No har han hamna som professor og dekan i Hongkong.

Espen Aareseth bur langt unna heimbyen, i Hongkong. Men storbyen liknar på mange måtar på Bergen, seier han, med universitetet på ei høgd, små ferjer — og regn.

— Eg var i same bygg frå eg byrja som student til eg vart professor. Ingen sa til meg at det kunne vera lurt å flytta på seg.

Utanfor Espen Aarseth sitt vindauga byrjar det å mørkna. I Noreg er det tidleg ettermiddag, men den norske professoren har flytta til Hongkong. Her skal han leia School of Creative Media, som er ein del av City University of Hongkong. Han er òg Chair Professor of Game Studies same stad, truleg som den første i verda.

Aarseth fann altså ut sjølv at han ville flytta på seg. Han vart professor som 36-åring og hadde då vore med på å bygga opp fagfeltet humanistisk informatikk ved Universitetet i Bergen. I dag heiter det same miljøet digital kultur og har fått både eit senter for framifrå forsking og nyleg ein ERC Advanced Grant.

— Det er rimeleg enkelt å verta professor i Noreg, ein skal berre få publisert tilsvarande to avhandlingar, seier Aarseth.

— Eg vart førsteamanuensis då eg var om lag tretti år, og eg hadde jo berre kunna verta sitjande der eg var.

Men omtrent samstundes som Aarseth fekk professoropprykk, fann han ut at han ville flytta. Han reiste ikkje så langt først, til IT-universitetet i København. Her vart han lektor, som om lag tilsvarar ei norsk førsteamanuensisstilling. Professor i Danmark vart han først då han fekk ERC-tildelinga frå Det europeiske forskingsrådet.

42 semester i Danmark

Det er dataspel som er Aarseth sitt forskingsområde, og han reiste til Danmark fordi det då framleis unge universitetet hadde sagt at dei ville satsa på nettopp speleforsking. For åtte år sidan fekk Aarseth eit ERC Advanced Grant for å utvikla ei humanistisk, tverrdisiplinær teoretisk plattform for å analysera dataspel og forstå korleis meining vert danna i spel.

— Men etter 42 semester i Danmark var det på tide med ei endring, seier professoren, på eit slags dansk-bergensk, og humrar litt.

Når han no skal leia det han kallar ein skule, som er ein mellomting mellom eit institutt og eit fakultet, ved det engelskspråklege universitetet i Hongkong, er det nettopp den kreative delen av mediefaga som er i fokus.

— Me har ikkje journalistikk eller medievitskap, men teknologi og mediekunst.

Sjølv om han skal vera dekan, planlegg Aarseth å få forska ein del sjølv, og fortel at det eksisterer nokre gunstige finansieringsordningar som kan gjera at det er mogleg.

— Me vil mellom anna prøva å utvikla eit globalt instrument i form av eit spørjeskjema, der me kan følgja menneske som spelar dataspel frå dei er unge til dei vert eldre. Kva skjer faktisk med dei? Framleis er det mange fordommar og dumme idear knytt til dataspel, seier han.

— Målet er å kunne seia noko om kva som eventuelt skaper problem. Ofte er det dei sosiale online-spela som vert problematiserte, eg meiner at me heller bør snakka om sosiale media som problemet.

Verdas mest internasjonale

— Men kvifor hamna du i Hongkong?

— For om lag femten år sidan hadde eg ein svært dyktig stipendiat, ein finne. Han jobbar no her, seier Aarseth.

School of Creative Media er eit spesielt bygg, teikna av arkitekten Daniel Libeskind. Han er mellom anna kjent for å få teikna Jødisk museum i Berlin. Skulen har tusen studentar, og 80 stipendiatar. Men dei får ikkje jobb der etterpå, ein tilset ikkje sine eigne stipendiatar, seier dekan Espen Aarseth.

City Universtity of Hongkong er på 84. plass på Times Higher Education si rangering. Til samanlikning er Universitetet i Oslo på 124. plass. Avdelinga Aarseth skal leia har om lag 40 fast tilsette forskarar, 80 stipendiatar og tusen studentar.

— Times Higher Education har rangert universitetet som det mest internasjonale i heile verda. Her er det eit svært variert miljø, med mellom anna mange forskarar frå Kina, seier Aarseth.

Han seier at det er dei faglege interessene hans som vart avgjerande for at han valde dette universitetet.

Hongkong har vore ein del av Kina i meir enn 25 år. Området har si eiga «minigrunnlov», men for nokre år sidan vart det sterke reaksjonar etter at fastlandsstyresmaktene ville innføra strengare lover. Forslaget vart trekt attende då, men er no nyleg innført.

Aarseth har òg vore tilsett ved eit universitet i Beijing dei siste fem åra, som gjesteprofessor.

— Ein ser langt færre vestlege no, enn før pandemien. Spanande tider, seier han.

Det er eit svært internasjonalt miljø ved det engelskspråklege universitetet i Hongkong.

Prøvde seg utan paraply

Han sa opp ein fast jobb i Bergen for å gå til eit dansk universitet der han i utgangspunktet ikkje hadde fast jobb, men ei «fast» kontrakt. 

I Hongkong har han no ei treårig dekankontrakt, som er mogleg å forlenga i tre år til. I tillegg er professorstillinga han har i Hongkong fast.

— Eg har langt større jobbtryggleik i Hongkong, seier 58-åringen.

Han kallar byen Hongkong fascinerande, og viser til at det er heile fire universitet som er høgt oppe på rangeringane. City University, ligg, som namnet kanskje peikar på, midt i byen, oppe på ei høgd.

Altså ikkje heilt ulikt det universitet der han fekk sin første faste jobb.

— Her ein dag vart eg overraska av skikkeleg regn. Men eg hadde ikkje med meg paraply. No har eg skaffa meg tre.

Powered by Labrador CMS