undervisning

Då pandemien kom, skreiv professoren ei lærebok til studentane sine. No har han fått sin sjette undervisningspris.

Av og til ser eg ut i salen og ser at dette skjønte dei ikkje, seier professor Kjetil Bjorvatn. Han underviser i det teoritunge kurset i mikroøkonomi, eit kurs han no har fått endå ein undervisningspris for.

Professor Bjorvatn sin metode

— Dersom alle førelesingane mine berre skulle filmast og så visast…då kunne eg funne på noko anna.

I nabobygget sit studentar og sveittar over ein eller annan økonomieksamen. Professor Kjetil Bjorvatn sine studentar er ferdige med eksamen i mikroøkonomi. No ventar eit haustsemester før han igjen skal ha det same kurset for førsteårsstudentane.

Eller, same og same. Bjorvatn, som er professor i samfunnsøkonomi og ein del av FAIR, som er eit senter for framifrå forsking, ved Norges Handelshøyskole (NHH), prøver å vidareutvikla kurset i mikroøkonomi kvart år. No har han fått studentane sin undervisningspris Bronsesvampen for femte gong. I tillegg fekk han òg ein annan pris, Inspirational Teaching Award, for same kurset i fjor.

Spørsmålet er: Kva er løyndommen?

Vil gjerne snakka for 400

— Ein må tru på at det ein formidlar har ein verdi. Då vil det smitta, seier Bjorvatn.

Han fortel at han har eit kursopplegg som er godt strukturert og der det er tydeleg kva kompetanse studentane skal koma ut med i den andre enden. Mikroøkonomi er eit kurs alle studentane ved NHH må ta, og det kjem alltid i det andre semesteret. Studentane er difor temmeleg ferske, og faget er temmeleg teoretisk. Det endar opp i ein klassisk skuleeksamen utan bruk av hjelpemiddel.

— Me har svært flinke studentar. Men dette er eit fag der dei skal læra seg teoretiske modellar. Alle økonomar må kunne dette, uansett kor i verda ein studerer økonomi vil ein ha eit kurs i mikroøkonomi, seier Bjorvatn.

Han seier at i dag er det store forventningar om variasjon i undervisningsformer, og som mange andre lagar han både podkastar og videosnuttar. I det han har kalla «Mikromøtet» snakkar han med næringslivet og leiarar i offentleg sektor om korleis mikroøkonomi er praktisk relevant. I tillegg får studentane undervisning i mindre grupper, gjerne med hjelp frå studentassistentar.

Men professoren slår òg eit slag for den klassiske førelesinga.

— Me har store kull, det er gjerne 400 studentar som tek dette kurset. Når eg føreles har eg alle studentane der. Eg kan setja agenda og gi ei oversikt, dei kan stilla spørsmål. Av og til ser eg ut i salen og ser at dette skjønte dei ikkje. I tillegg kjem studentane til meg i pausen og stiller spørsmål, seier Bjorvatn.

Han held fram:

— Å ha klassiske førelesingar gir meg både energi og dessutan informasjon om studentane.

Tidlegare måtte studentane lesa ei amerikansk pensumbok. Då pandemien kom, skreiv Kjetil Bjorvatn ei pensumbok om mikroøkonomi på norsk. Han er merittert undervisar ved NHH, og leier det pedagogiske akademiet der.

Vil ha norsk pensum

Med pandemi kom digital undervisning. Rart å snakka til ein skjerm, men enklare for studentane å stilla spørsmål, seier den prislønte professoren.

Han nytta pandemien til å skriva ei lærebok.

— Den boka me tidlegare brukte, var ei tjukk, amerikansk lærebok. Det var krevjande i det som er eit teoretisk fag. Eg har skrive ei på norsk, der eg nyttar døme frå norske forhold, seier Bjorvatn og viser fram nokre sider frå boka. Dei har fargerike illustrasjonar.

Journalisten smiler.

— Ja, det er det som er poenget. Illustrasjonane har far min laga, og poenget er at ein skal smila litt. Denne boka er skriven for eit norsk publikum, seier Bjorvatn.

Han seier at han trur det er viktig for studentane å tidleg i eit studieløp læra seg faget på sitt eige språk. Så vil det koma meir pensum på engelsk seinare i løpet.

— Men det er norsk dei i stor grad skal kommunisera på når dei skal ut i arbeidslivet.

Studentane må øva på å snakka

Nettopp kommunikasjon er noko Bjorvatn er oppteken av. Undervisningsopplegget «Mikrofonen», som var ein del av grunngivinga for at han fekk pris no i mai, skal gjera studentane trygge i munnleg presentasjon.

— Det er først når ein skal forklara noko til nokon andre ein veit om ein sjølv har forstått, seier professoren.

Studentane har difor vorte utfordra til å forklara mikroøkonomi på ein kvardagsleg måte. Under eit arrangement i aulaen på NHH hadde dei både andre studentar og alumni som publikum.

Nokre tips

Men kva er det så som er professor Bjorvatn sin metode? Her deler han nokre tips:

  • Struktur: Ha ein kursstruktur som er gjennomtenkt og tydeleg, frå første time og fram til eksamen. Ein må ta tenkt gjennom kva ein skal ha førelesingar om, kva studentassistentane kan ha ansvar for og kva studentane kan jobba med sjølve
  • Engasjement. Gjer teorien levande ved å bruka døme som er relevante for studentane og som er aktuelle i nyheitsbiletet, og gjer det på ein måte som viser at du faktisk meiner det du seier
  • Ver nyfiken: Ha ei forskingsmessig tilnærming til undervisning. Ein må tenkja at ein kan testa nye ting, ikkje berre snu bunken frå førre gong ein hadde kurset
  • Ambisjon: Det finst alltid noko å flikka på, «kjempebra» kan alltid verta betre. Ein må alltid tenkja at den neste versjonen er den beste ein har hatt

— Korleis er det å få pris, ja til og med fleire prisar?

— Det er ei anerkjenning, og utruleg hyggeleg. Undervisning er halve jobben min, og når eg får desse prisane må vel det bety at eg gjer noko rett? Eg håpar det eg gjer kan vera til inspirasjon for andre, det er ingen hemmelege ingrediensar her. Det handlar om å jobba systematisk.

Håpar å omvenda nokon

Når haustsemesteret kjem, er det forsking som står i første rekke for Kjetil Bjorvatn. Kurset i mikroøkonomi har han kvar vår. Men allereie i august byrjar han likevel å planlegga korleis han skal legga det opp, og kva nytt han kan tilføra, kurset for dei som er NHH-studentar frå hausten 2024.

— Her ved NHH har me veldig flinke studentar, men det er ikkje først og fremst samfunnsøkonomi dei har i tankane. Eg håpar jo òg at kurset mitt kan vera med på å omvenda nokre av dei som eigentleg hadde tenkt å spesialisera seg innanfor finans, seier han og humrar.

Powered by Labrador CMS