Kortnytt

Professor årets nynorskbrukar

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Geir Sverre Braut er lege og professor.

Geir Sverre Braut, som er lege og professor både ved Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet, er årets nynorsbrukar. Dette skriv Nynorsk kultursentrum, som delte ut prisen 13.oktober. Braut fekk prisen for arbeidet han har gjort med å gjera nynorsk sjølvsagt i helse- og tryggleiksfag.

Braut har mellom anna skrive boka Det norske helsesystemet: ei innføring i organisering, styring og politikk saman med Kjell Arne Aarheim. Han har òg skrive nynorske artiklar om helseemne i fagtidsskrift og rikspresse.

— Ein skriftkultur overlever ikkje på draum, han må vera til stades i røynda. Eit levande skriftspråk må spegla heile verda. Språk som skal vera i bruk, må vera synlege på flest moglege område. Innsatsen Braut gjer for helsefaga, er eit døme til etterfølging, sa styreleiar Lodve Solholm i sin tale til prisvinnaren.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS