Holbergprisvinnar seier filosofar må vere modige

– Korleis skal vi møte skadane skapt av internett-bøller og utpressarar, ekstremistar og pedofile, oppfinnarar av falske nyheiter og terrorplanar, som bruker eit slør av anonymitet for å skade, å skremme, å lure, spør Holbergprisvinnar Onora O’Neill.

Publisert Oppdatert

Holbergprisvinnar Onora O’Neill stilte spørsmåla som gjer filosofi særleg aktuelt i vår tid på den høgtidelege prisutdelinga i Universitetsaulaen i Bergen torsdag.

O’Neill, som er professor i filosofi på Cambridge ser på si eiga vitskaplege karriere som lite planlagd, og ei vandring inn i mange blindgater. Sjølv hennar mangeårige arbeid rundt Immanuel Kant var ikkje planlagd, fortalde ho i talen sin under prisutdelinga, skriv På Høyden.

Fire av 14 kvinner

Arbeidet hennar har ifølge juryen omforma forståinga vår av Kant, og bidrege til at interessa for Kant tok seg opp igjen, og engasjerte nokre av dei mest framifrå intellektuelle i vår levetid.

Men O’Neill peikar særleg framover mot filosofisk forsking som må gjerast framover, i møtet med ny teknologi og mellom anna sosiale medium:

– Det er fristande å tenke at fordi vi klarte overgangen til skriving og trykking, så finst det utprøvde måtar for å møte nye utfordringar. Men finst dei? Her bør kanskje filosofar og andre vere redde for å trå: Men kanskje må vi vere modige.

Holbergprisen, som blei delt ut av kronprins Haakon, er på 4,5 millionar kroner. Prisen er oppretta av Stortinget for å fremme fagfelta humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Den første prisvinnaren var Julia Kristeva i 2004. Fire av dei 14 prismottakarane er kvinner.

Menn gjer reint, kvinner avgjer

Katrine Vellesen Løken er professor i sosialøkonomi ved Universitetet i Bergen, og fekk årets Niels Klim-pris på 300 000 kroner, som går til ein framifrå nordisk forskar under 35 år.

Løken trekk parallellar mellom fantasiuniverset Ludvig Holberg skapte i Nils Klims reise til den underjordiske verden, og hennar eiga forsking. Nils Klim kjem mellom anna til samfunnet Cocklecu der kjønnsrollene er byta om: Menn gjer reint, vevar og tek seg av ungane, mens kvinnene er tenkarane og tek dei viktige avgjerdene.

Feiringa held fram

– Samfunnet i Cockecu er svært ulikt frå det vi observerer i land i heile verda i dag, der menn typisk er det dominerande kjønn. Men nordiske land er føregangsland i å demonstrere betre kjønnsbalanse for resten av verda, både i arbeidsmarknaden og i meir tradisjonelt husarbeid, seier Løken, som mellom anna viser til at pappapermisjon har endra dei sosiale normene, som tidlegare tilsa at berre mødrene skulle ta seg av barna i det første leveåret deira.

Dette er eit felt ho sjølv har forska på.

Torsdag blei prisvinnarane feira med gallamiddag i Håkonshallen, der Torbjørn Røe Isaksen var vert, og på fredag var det program i Oslo.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS