Tilbake til campus
Pølser og graut for å ønska studentane velkommen tilbake
Dronning Mauds Minne Høgskole er så glade for å få studentane tilbake at dei har servert pølser heile veka.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Starten på det nye året vart mørk og bratt for mange. Men i tillegg til at lyset sakte men sikkert kjem tilbake, kan no i alle fall nokre studentar få fysisk undervisning på campus.

Ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning (DMMH) i Trondheim var dei tilsette så glade for å få studentane tilbake at dei hadde pynta med faklar og vimplar. Til lunsj måndag vart det fyrt opp i bålpanner, og forbipasserande studentar har fått pølser og varm saft kvar dag heile veka.
— Det går rykte om at det gjekk med fleire hundre pølser allereie første dagen, heiter det i ei melding på DMMH sine nettsider.
Også Høgskulen i Volda set pris på at studentane er tilbake i bygda. Også her skjer noko undervisning fysisk på campus. I tillegg kan studentane få gratis frukost i kantina. Heile 30 kilo graut har det så langt gått med kvar dag.
– Me vil gjerne legga til rette for ein sosial møteplass for studentar, innanfor trygge rammer, og trur dette kan bli det. Kanskje kan det også gjera det litt enklare å strukturere kvardagen for studentane. Me gler oss til å sjå fleire studentar på høgskuleområdet igjen, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved HVO, i ei melding på høgskulen sine nettsider.
Nylige artikler
Meiner Noreg ikkje bør jakta på dei akademiske stjernene
Mange hendelser: «Nesten på nivå med natt til 17. mai»
Vil åpne for lokale vrier på lærerutdanningene
Nødhjelp til desperate doktorstudenter
Israelske universiteter faller på internasjonal rangering
Mest leste artikler
Komiker erstatter Nicolai Tangen
Reagerer på at studenter bruker ordet skole om å studere på universitetet
«Du er ubrukelig. Det er ingen her som liker deg» Stipendiater forteller om hvorfor de byttet veileder
— Jeg kan fint være inne i to uker i strekk for å jobbe
Han har sett ansatte som har slitt med angst hver gang de skulle komme på jobb