Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kunngjer at Saving Oseberg får 30 millionar kroner over tre år i statsbudsjettet for 2017. Stortingspolitikarane Mazyar Keshvari frå FrP, Kristin Vinje frå Høgre, Hans Olav Syversen frå KrF og Trine Skei Grande frå Venstre var også til stades.Foto: Ola Sæther
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kunngjer at Saving Oseberg får 30 millionar kroner over tre år i statsbudsjettet for 2017. Stortingspolitikarane Mazyar Keshvari frå FrP, Kristin Vinje frå Høgre, Hans Olav Syversen frå KrF og Trine Skei Grande frå Venstre var også til stades.Foto: Ola Sæther

Gav 30 millionar til «Noregs pyramidar»

Regjeringa løyver til saman 30 millionar kroner til prosjektet Saving Oseberg. Det kunngjorde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Vikingskipshuset.

Publisert Oppdatert

Det var for ein månad sidan Uniforum kunne melda at leiinga ved Universitetet i Oslo og ved Kulturhistorisk museum hadde bede regjeringa om ei løyving på 30 millionar kroner for å kunna vidareføra redningsaksjonen for gjenstandane i Osebergsamlinga - «Saving Oseberg».  No er både universitetsleiinga og museumsleiinga blitt bønnhøyrde, skriv Uniforum.

30 millionar kroner

Tysdag trappa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opp og avslørte at han hadde med seg eit konkret pengeløfte frå regjeringa. 

— I statsbudsjettet for 2017 vil me saman med Unviersitetet i Oslo løyva 30 millionar kroner til vidareføring av  Saving Oseberg fram til 2020. Og me reknar me at både representantane for regjeringspartia og støttepartia våre i Stortinget vil gi oss full støtte til dette, sa han, og kasta eit blikk på første stolrada under den korte pressekonferansen i Vikingskipshuset. Der sat leiaren for Stortingets finanskomite, Hans Olav Syversen frå KrF, Trine Skei Grande frå Venstre, Kristin Vinje frå Høgre og Mazyar Keshvari frå FrP. 

— Noregs pyramidar

Oseberg-samlingane med Osebergskipet, og med Gokstad-skipet og dei andre gjenstandane frå vikingtida, er Noregs
pyramidar.

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen var også opptatt av at dette var Noregs viktigaste verdsarv.

 — Osebergsamlingane med Osebergskipet, og med Gokstadskipet og dei andre gjenstandane frå vikingtida, er Noregs pyramidar. Prosjektet Saving Oseberg har arbeidt for å hindra at denne verdsarven skal smuldra opp, understreka Røe Isaksen. Dei 30 millionar kronene skal fordelast med 10 millionar årleg fram til 2020.

Dei 30 millionar kronene skal fordelast med 10 millionar årleg fram til 2020. Universitetet i Oslo vil løyva halvparten av denne summen, medan Kunnskapsdepartementet løyver den andre halvparten. Det vil seia at det årleg vil gå fem millionar kroner frå kvar av dei to pengekjeldene frå 2017 til og med 2020.

Gir skryt til Venstre

Også direktør Håkon Glørstad frå Kulturhistorisk museum var nøgd med dette nyhendet.

— Dette er ein fin dag å vera direktør for Kulturhistorisk museum på, slo han fast.

Mange vil gi Trine Skei Grande og Venstre æra for at denne løyvinga endeleg har kome.

— Det kan ikkje eg stadfesta, sa Trine Skei Grande, og såg bort på museumsdirektør Håkon Glørstad.

— Men det kan eg, sa han. – I slike saker er det viktig å ha gode støttespelarar, slo han fast.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS