Studentparlamentet og påtroppande leiar, Sunniva Myrene Braaten, diskuterte ruspolicy på tirsdagens møte. Foto: Nicklas Knudsen

Oppheta debatt om rus hos studentane

Treng Høgskolen i Oslo og Akershus ein ruspolicy? Og kva skal den vere? Alkoholfritt campus? Stor ueinigheit på møte i Studentparlamentet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Rus er ei problemstilling blant studentar i hele landet, innleia læringsmiljøansvarleg i arbeidsutvalet, Ane Larsen Mjøen, under parlamentsmøtet tysdag kveld. Ho tok til orde for at Studentparlamentet skulle vere med å utforma ein ruspolicy på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

I følgje sakspapira er ein ruspolicy «nedskrevede avtaler og holdninger til bruk og misbruk av rusmidler, og er normal praksis å ha på mange arbeidsplasser. En policy er verdi- og holdningsgrunnlaget og skal ikke inneholde forebyggende tiltak eller tiltak ved brudd på policy. Den skal være enkel å huske og forstå, kort, overordnet og enkel å henvise til».

Fleire motførestillingar

Diskusjonstemaet utløyste eit skred av spørsmål og motførestillingar, fleire uttrykte forvirring rundt kva ein slik policy skulle innehalde. For å oppklara brukte fagpolitisk ansvarleg Steinar Olberg eit alkoholfritt campus som eksempel på kva som kunne vere ein av haldningane.

Arbeidsutvalet viste til Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT) frå 2014 som blant anna viste at 51 prosent av studentane på HiOA drakk fleire gonger i månaden. Desse tala fekk ikkje akkurat studentane i auditorium 3 i Pilestredet 52 til å heve på augebryna.

Ein policy bør seie noko om våre ønskjer til kultur rundt rus.

Einar Belck-Olsen

Ein av tre blir ikkje med på fadderopplegget på grunn av alkohol. Vi skal leggje til rette for at de kan være her utan at dei skal føle drikkepress. Sidan vi skal ta vare på alle som kjem hit burde vi ha ein slik policy.

Jonas Nedal Glittum.

-- Vi kan ikkje ha konsekvensar for den enkelte student, men for foreiningar, fadderordningar og andre arenaer der man har oppfordra til mindre alkohol.

Sunniva Braaten.

— Det er positivt å jobbe mot rusmisbruk, men eg ser ikkje tala i sakspapira som misbruk, sa påtroppande parlamentsleiar, Sunniva Myrene Braaten.

Fleire meinte at innføring av ein slik policy ville gjere dei til et moralpoliti og at dette ikkje var hensiktsmessig, medan andre meinte det ikkje var noko poeng i policyen utan at den inneheld førebyggande tiltak.

Naudsynt med nedskrivne avtalar og haldningar

Det vart i møtet uttrykt at dei reglane som er nødvendige finnes innanfor norsk lov, mens andre meinte at retningslinjer på høgskulen ville vere nyttig.

— Ein policy bør seie noko om våre ønskjer til kultur rundt rus. Loven definerer kva som er lov, innenfor der er det mykje ein kan gjere som er lov, men som likevel er keisamt for andre, sa representant for Fakultet for teknologi, kunst og design og påtroppande arbeidsutvalsmedlem, Einar Belck-Olsen, og fortsatte:

— Derfor vil eg at vi skal seie noko om korleis vi ønskjer at det skal vere her.

— Alkohol ekskluderer

Ifølgje sakspapira har ein av fem studentar sagt nei til å delta på sosiale arrangement fordi det skal serverast alkohol. Fleire av studentrepresentantane uttrykte bekymring for dei negative konsekvensane òg for dei som ikkje drikk. Dei meinte at alkoholkonsumet ekskluderte mange.

— Ein av tre blir ikkje med på fadderopplegget på grunn av alkohol. Vi skal leggje til rette for at de kan være her utan at dei skal føle drikkepress. Sidan vi skal ta vare på alle som kjem hit burde vi ha ein slik policy, sa parlamentsmedlem Jonas Nedal Glittum.

Fleirtalet positive

Etterkvart vart stemninga under parlamentsmøtet relativt intens og ordstyrar Andreas Faye Lund måtte til slutt minne om at dei gjekk drastisk på overtid. For å sette strek ved om HiOA burde utvikle ein ruspolicy vart det gjennomført ei prøvevotering på spørsmålet. Der stemte eit tydeleg fleirtal for.

Diskusjonen fortsette då med kva instansar som burde vore involvert. Det vart ytra ønskje om at læringsmiljøutvalet, SiO helse, Studentombodet, Fadderordninga og Internasjonalt kontor måtte på banen. På spørsmål om innhaldet var det få konkrete forslag som vart teke opp, men fleire sa at dei ville ha hjelpetiltak for dei som sleit med rusmisbruk.

Må kunne servere øl

Då kva reaksjonar og konsekvensar som ville koma av å bryte ruspolicyen blei tema vart det igjen høg temperatur på parlamentsmøtet.

Etter at det vart påpeikt at det ikkje kunne vere sanksjonar mot enkeltstudentar utdjupa arbeidsutvalet at dette òg kunne dreie seg om informasjon om helsetilbod eller retningslinjer for korleis tilsette skal forholda seg til problemstillinga.

— Vi kan ikkje ha konsekvensar for den enkelte student, men for foreiningar, fadderordningar og andre arenaer der man har oppfordra til mindre alkohol, sa Sunniva Myrene Braaten.

— Dei får økonomisk støtte og tilrettelegging, difor har man sanksjonar ein kan bruke mot dei om dette ikkje blir gjort, fortsette ho, før ho påpeikte at det må gå an å servere øl på Samfunnet Bislet.

Sidan ruspolicyen berre var oppe til diskusjon under parlamentsmøtet vil læringsmiljøansvarleg i arbeidsutvalet til Studentparlamentet, Ane Larsen Mjøen, no ta med seg innspela som kom fram tysdag og starte arbeidet med høgskulens ruspolicy.

Vedtaket blei: «SP (Studentparlamentet, red.anm.) diskuterer saken».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS