UiO skal fortsatt ha valgt rektor

Da Universitetsstyret behandlet Underdal-rapporten mandag 20. juni bekreftet de valgt rektor som styreleder. I tillegg ønsker de å opprette en vise-/prorektor for utdanning.

Publisert   Sist oppdatert

Ekstern representant Idar Kreutzer blei den einaste som stemte mot framlegget om at Universitetet i Oslo framleis skal ha vald rektor som også er styreleiar, skriv Uniforum

Dermed tapte han avrøystinga, med 10 for vald rektor og ei stemme imot. I Universitetsstyret viste det seg at Kreutzer var den einaste motstandaren av vald rektor, medan andre røyster innanfor UiO, mellom dei to sitjande dekanar og ein tidlegare dekan, har tatt til orde for at også UiO bør ha tilsett rektor.

Heile diskusjonen i Universitetsstyret måndag 20. juni, dreia seg om forslaga i rapporten frå Underdal-gruppa. Dette arbeidet er blitt leidd av tidlegare UiO-rektor Arild Underdal, og den har bygt mykje av arbeidet sitt på tilrådingane frå den internasjonale rådgivingsgruppa (Strategic Advisory Board). Leiaren for den gruppa var Finlands tidlegare statsminister Esko Aho.

Vil ha ein eigen søkekomité for rektorval

I eit anna punkt i denne saka, stemte styret samrøystes for å ha ein eigen søkekomité for rektorval ved UiO. Meininga er at dei skal oppfordra personar til å melda seg på som kandidatar til rektorvalet. Universitetsstyret bad om at forslag til kandidatar og samansetjing og mandat for ein slik komité må leggjast fram til hausten saman med forslag til kvalifikasjonar som UiOs rektor må ha.

Av andre viktige punkt i diskusjon rundt rapporten til Underdal-utvalet, blei det også vedtatt at Universitetsstyret har notert seg at det er brei tilslutnad til det arbeidet som er sett i gang for å trekkja opp ein ny rekrutteringspolitikk for UiO, og for å hjelpa yngre forskarar i deira karriereplanlegging. Styret skal diskutera dette tiltaket når rekrutteringssaka blir lagt fram hausten 2016.

Vil ha prorektor for utdanning

Fleirtalet i styret stemte for å be universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe om å leggja fram endringar som gjer det mogleg å fjerna hindringar for å velja eksterne kandidatar til leiarverv på instituttnivå og fakultetsnivå. Universitetstyret slutta seg også samrøystes til framlegget om å oppmoda framtidige rektorat til å oppretta ein eigen pro-/viserektor med særleg ansvar for utdanning.

Også eit framlegg om å opna for ein moglegheit til å oppretta eit akademi for framifrå utdanning, fekk full tilslutnad frå Universitetsstyret. Det blei også understreka at dekanmøtet framleis skal vera eit rådgjevande organ overfor styret. - Det er ingen god idé for Universitetsstyret å gi frå seg suverenitet, understreka Ole Petter Ottersen i diskusjonen. 

Uniforum fekk ikkje kopi av endringsforslaga, så oppsummeringa vår byggjer i stor grad på vårt eige referat og på framlegga til vedtak i sakslista.

Møtet held fra tirsdag 21. juni

Styremøtet held fram i morgon mellom anna med saker som forslag til UiO-budsjett for 2017, forslag til vitskapsombod ved UiO og tilsetjing av fleire nye direktørar i hovudadministrasjonen til UiO.

Dessutan blir det også bestemt kven som får UiOs prisar for 2016.

Uniforums direkterapportering kan du følgje her.

Dette er heile saklista til møtet i Universitetsstyret:

Møte nr. 4/2016 i Universitetsstyret

  • Vedtakssaker
  • Godkjenning av dagsorden (lukket møte) (behandlet 20.6)
  • Godkjenning av protokoll fra møte nr. 3/2016 (lukket møte) (behandlet 20.6)
  • SAB. Oppfølgingsarbeidet (behandlet 20.6)
  • Virksomhetsrapport per 1. tertial 2016 
    Diskusjonssak
  • Koordinering av støtteressurser for utdanning
    Vedtakssaker
  • Årsplan 2017-2019 og fordeling 2017
  • Innspill til stortingsmelding om kvalitet i høyere utdanning fra Universitetet i Oslo
    Diskusjonssaker
  • Rekrutteringsstrategi for vitenskapelig ansatte ved UiO – forslag til innramming og innhold
  • Utviklingsavtale mellom UiO og Kunnskapsdepartementet
    Vedtakssaker
  • Universitetet i Oslos studietilbud for studieåret 2017/2018
  • Status Brøggers hus – rehabilitering (lukket møte)
  • Vitenskapsombud – mandat
  • Oppnevning av skikkethetsnemnd og institusjonsansvarlig for skikkethetsvurdering ved Universitetet i Oslo
  • Tilsettinger i lukket møte: Direktør for Enhet for intern revisjon, direktør for Avdeling for fagstøtte og direktør for Avdeling for administrativ støtte, Ledelsen og støtteenheter (LOS), samt direktør for Enhet for HMS og beredskap.
  • Tildeling av priser i lukket møte: Universitetsstyrets priser for 2016, H.M. Kongens gullmedalje 2016, UiOs menneskerettighetspris – Lisl og Leo Eitingers fond 2016.
    Diskusjonssaker
  • Universitetsstyrets evaluering av egen arbeidsform 2015-2016
    Orienteringssaker
  • Beretning og regnskap for UNIFOR for 2015 – resultat av forvaltningen 2015
  • Utvidet valg av representant med vararepresentanter fra gruppen midlertidig vitenskapelige ansatte til universitetsstyret
  • Skolefaglig samarbeid mellom UiO og Osloskolen
  • Eksternfinansering – resultater og potensiale/EU-Benchmarkanalyse
  • Leiestedsordningen
  • Årshjul for styresaker 2016
  • Orienteringer fra universitetsdirektøren
  • Eventuelt (lukket møte)