Kortnytt

Ønskjer nytt universitetsbygg i Førde

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit nytt universitetsbygg er det ordfører Olve Grotle (H) i Sunnfjord ønskjer seg for å trekke studentar til Førde.

— Når eg nemner for folk at vi har nesten 1000 studentar i Førde, så trur dei meg ofte ikkje. Vi ser dei ikkje, seier ordføraren til avisa Firda, og legg til at han saknar aktivitet og puls i sentrum.

Bakteppet er at Høgskulen på Vestlandet jobbar med å få universitetsstatus. Grotle trur dermed det kan verte større sjansar for å skaffe pengar frå sentralt hald.

— Det er spennande og morosamt å tenke på at Førde kan bli ein universitetsby allereie frå 2023. Då må vi ha ein stad å vere, i sjølve sentrum, seier Grotle til Firda.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS