campusutvikling
Ønskjer forskingspark i Bø
Universitetet i Sørøst-Norge vurderer nybygg, som inkluderer både idrettshall og lokale til forskingspark, i Bø.

Universitetet i Sørøst-norge (USN) leiger lokale i Gullbring kulturanlegg i Bø. Men leigeavtalen går ut i 2024, og spørsmålet er kva USN då skal gjera vidare. Når styret ved USN har møte fredag, skal dei handsama ei sak om etablering av nybygg og forskingspark.
— Førebels har me ingen teikningar eller skisser. Me gir en statusrapport og ber styret om løyve til å gå vidare med utvikling av eit konsept.
Det seier Johnny Thorsen, som er direktør for infrastruktur.
Vedlikehaldsetterslep
I Gullbring er det i idrettshall, symjehall, kino og fleire andre rom. Universitetet leiger tid i både symjehallen og idrettshallen, og tidvis andre rom i bygget. Men standarden på bygget er ikkje så god lenger, og vedlikehaldsetterslepet er omfattande, heiter det i sakspapira.
— Me har kome med eit forslag saman med studentsamskipnaden, der samskipnaden skulle gå inn på eigarsida. Då kunne dei stå for oppdragering og så leiga ut til oss, seier Thorsen.
Men då den nye Midt-Telemark kommune handsama saka i vår, fekk ikkje dette forslage fleirtal. Kulturanlegget skal framleis verta drifta i kommunal regi.
Thorsen seier at det USN treng, først og fremst er ein ny idrettshall, med ein del tilhøyrande rom. I saksframstillinga er det skildra at i eit nybygg vil ein mellom anna kunne få på plass større testlab enn ein har i det eksisterande universitetsbygget. Dersom Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving (IFIK) får nye lokale i eit nytt bygg, vil det kunne gi Institutt for natur, helse og miljø større plass i det eksisterande bygget.
Meiner ein kan spara pengar
I eit nybygg på vel 2000 kvadratmeter vil ein òg kunne få plass til andre. I saksframstillinga vert det skildra både eit senter for berekraft, som er planlagt ved Handelshøyskolen, og avtalar med andre aktørar som til saman kan utgjera ein forskingspark. Det er dialog med partane for å skildra kva areal ein har behov for.
I tillegg til planane USN no presenterer, har det vore snakk om eit anna prosjekt i Bø, i regi av mellom andre Midt-Telemark Næringsutvikling. Her er Statens Industrivekst Anlegg (SIVA) med. Dei seier, ifølgje sakspapaira at dette prosjektet er avhengig av USN, men USN ønskjer ikkje å vera med, fordi ein ikkje ønskjer å flytta ut av universitetslokala. I staden har dei no invitert SIVA inn i forskingsparken. I tillegg har USN dialog med både studentsamskipnaden og Statsbygg.
Kva prosjektet vil kosta, er førebels ikkje klart. Men USN meiner ein skal kunne spara pengar samanlikna med dagens leigenivå.
— No kjem me med eit forslag til styret, og ber om å kunne utvikla konseptet vidare. Dersom styret seier ja, vil me jobba vidare med dette utover hausten, seier Thorsen.
— Og viss styret seier nei?
— Då må me diskutera meir med Gullbring kultursenter. Uansett har me ein avtale der ut 2024.
Fredag har USN det siste styremøtet dette halvåret.
Se også: Her finner du sakslista
Nyeste artikler
Hvorfor er det så lite nytenking i forskning om atomvåpen?
Bratt læringskurve: — Det er jo hundre år sidan eg tok master
Ny studie viser hva som virker for å få flere kvinnelige professorer
Kom fra Indonesia til Norge som enke og alenemor. Nå er hun professor
Rektorene ba om utsettelse, men Borten Moe sier nei. Slik er forslaget om skolepenger
Mest lest
Akademia kan ikke skygge unna «kjønnsidentitet»
Vil takke nei til foredrag hvis DFØ er involvert
Paul (80) saksøker BI: — Vil ha svar før jeg skal i graven
Blir peikt ut som antisemitt av kollega. — Bryt med folkeskikk og kollegialitet
Regjeringen går fra 6 til 3 kategorier i finansiering av utdanninger