God førjulstid med Khrono:

Klimaforskar Jana Schwantitz har tilbrakt førjulstida i Frankrike. Dit har ho tatt toget. Schwantiz har ikkje tatt fly sidan 1995. Bildet er frå ein triveleg kveld i byen Clermont-Ferrand.

Ønsker seg ein robot som fortel vitsar som kan lære ho norsk

Adventselfie. Til dagleg forskar Valeria Jana Schwanitz på klima og berekraftig utvikling. Til jul håper ho musikken skal bere kraftig.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva er ditt beste klimatiltak i år?

— Eg klarte å inspirere nokre folk til å fly mindre – både i jobben og i fritida.

Fakta

Juleselfie: Valeria Jana Schwanitz

Stilling/studie: Førsteamanuensis, Institutt for miljø- og naturvitskap, Høgskulen på Vestlandet

Alder: 45

Fødested: Guben, Tyskland

Bosted: Sogndal

Kva ville du ha brukt ein robot til, viss du fekk ein?

— Til å lære meg opp i norsk og andre språk ved hjelp av gode historier og vitsar, og ved å rette på dei dumme og flaue feila mine.

Viss du kunne valt karriere heilt på nytt, kva ville du ha valt?

— Det var vanskeleg, for eg likar jobben min så godt! Men med tanke på den enorme utviklinga innan IT, kunne eg godt tenkje meg å studere informasjonsteknologi. Då ville eg brukt kunnskapen min til å utvikle spelversjonar av virtuelle røyndommar, slik at folk kunne få erfare utopiar med rot i forsking. Kanskje skal eg gjere det seinare ein gong? Guben, Tyskland

Kva er du mest fornøgd med å ha oppnådd i året som har gått?

— På jobben er eg mest nøgd med at eg har fått samarbeide med mange inspirerande forskarar både i Noreg og andre land. I privatlivet er eg stolt av at eg har sumt i Sognefjorden kvar dag heilt til oktober. Om nokre år satsar eg på å starte med isbading.

Kva er ditt flauaste minne frå studietida di?

— Eg var den einaste kvinnelege fysikkstudenten på ei førelesing om eksperimentell fysikk. Med eitt snudde professoren seg mot meg og sa: «Det neste eksperimentet er spesielt viktig for deg, om du ønskjer å reingjere huset på effektivt vis.»

Du får Iselin Nybø på overraskande julebesøk. Kva ville du snakka med henne om?

— Sidan eg er begeistra for forsking, ville eg snakka med henne om korleis vi kan jobbe for å betre matte- og forskingskunnskapane blant elevar og studentar – sjølv om det er jul no.

Bør vi ha fleire eller færre universitet om 10 år?

— Eg trur kvalitet er viktigare enn kvantitet.

Kva tenker du bør vere dei viktigaste debattane i akademia dei neste åra?

— Vi bør ha ein ærleg diskusjon om berekraftig utvikling. Ein diskusjon som er basert på grundig forsking – og det er faktisk noko anna enn velinformerte synspunkt. Eg meiner også at diskusjonen vi har no manglar det globale perspektivet

I kva grad er det ytringsmot på norske universitet og høgskular?

— Berekraftig utvikling er eit viktig forskingstema for dei alle. Likevel…

Kva gler du deg mest til i jula?

— Eg gler meg til musikken – og til at det å spele og syngje saman blir ein mykje større del av kvardagen i juletida.

(Intervjuet er gjennomført på e-post.)

Powered by Labrador CMS