Kortnytt

Nytt kvalitetssystem ved UiS

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I februar fekk Universitetet i Stavanger (UiS) beskjed om at dei hadde vesentlege manglar i sitt kvalitetsarbeid. Det konkluderte Nokut sine sakkunnige etter eit tilsyn.

Under torsdagens universitetsstyremøte, vart eit revidert kvalitetssystem vedteke.

Til liks med det førre systemet som vart vedteke i 2019, legg det nye systemet opp til ein god dialog mellom tilsette og studentar. Det som er nytt er at desse dialogane meir systematisk blir sett i samanheng med dei vedtaka som blir tekne i dei formelle fora, opplyser universitetet.

Prorektor for utdanning, Astrid Birgitte Eggen, ved Universitetet i Stavanger.

— Eg har ei forventning om at tilsette og studentar deltek aktivt i kvalitetsarbeidet. Eg forventar at dei set seg inn i kvalitetssystemet, sånn at kvalitetsarbeidet blir godt for dei, godt for studentane og godt for organisasjonen vår, seier prorektor for utdanning, Astrid Birgitte Eggen, i ei sak på universitetet sine heimesider.

I situasjonar der Nokut gir institusjonar beskjed om at dei har vesentlege manglar, får institusjonen frist på 12 månader på å vise at manglane er rettea opp. Så vil normalt bli gjennomført eit nytt institusjonsbesøk, noko som Universitetet i Stavanger fekk beskjed om i februar.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS