USA

Nye Trump-krav og truslar mot Columbia-universitetet

Ei liste med inngripande krav er sendt frå Trumps regjering til universitetet, med truslar om å stanse alle finansiell støtte.

Columbia University står i ein dramatisk situasjon etter Trumps sanksjonar mot institusjonen.

Columbia University i New York fekk før helga eit brev frå den amerikanske regjeringa med ei liste over omfattande og inngripande krav, melder nyheitsbyrået AP og fleire andre media.

Blant krava er at universitet må gjere omfattande endringar i opptaksrutinar og reglar for disiplinærsaker, og utvise visse studentar.

Vidare forlanger styresmaktene at eitt bestemt institutt, Middle Eastern, South Asian, and African Studies Department, straks må setjast under direkte administrasjon i minst fem år framover.

Ingen grunn er gitt i brevet for dette pålegget, men det ligg i korta at det har samanheng med kritikk av Israel.

— Galskap

Brevet som er sendt til Columbia vekker sterke reaksjonar.

— Halvparten av dette er ting du berre ikkje kan gjere, og den andre halvparten er galskap, seier ein professor ved Columbia, Joseph Hawley, til AP.

— Dersom det blir slik at regjeringa kan dukke opp og forlange at eit universitetsinstitutt blir stengt ned eller omstrukturert, då har vi ikkje lenger universitet i dette landet.

Frå før har Trumps regjering stansa løyvingar til universitetet på meir enn 400 millionar dollar, tilsvarande 4.3 milliardar norske kroner.

Utdanningsminister Linda McMahon har tidlegare sagt at dette berre er starten på «oppryddinga», som regjeringa hevdar er ein reaksjon på at universitetet ikkje har handtert trakassering av jødiske studentar på ein god måte.

Det var ved Columbia dei etter kvart verdsomspennande demonstrasjonane mot Israels krigføring i Palestina starta i april i 2024.

60 universitet

For kort tid sidan vart Columbia-student og palestinar Mahmoud Khalil arrestert av amerikanske immigrasjonsstyresmakter. Han skal ha spelt ei sentral rolle i demonstrasjonane i fjor. 

Styresmaktene ønskjer å deportere Khalil, ei avgjersle som inntil vidare er stansa av ein føderal domstol i New York.

Columbia er langt ifrå det einaste universitetet som no er sett under press:

Det amerikanske utdanningsdepartementet har så langt sett til saman 60 universitet under gransking for antisemittisme. Blant dei er kjende universitet som Columbia, Harvard, Yale og Stanford. 



Powered by Labrador CMS