null Foto: Mediaseksjonen, HiOA

Isaksen pappa for første gong

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) fekk ei lita dotter natt til fredag.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kunnskapsministeren og hans kone Henriette fekk ei dotter rett før midnatt natt til fredag, melder VG. Når statsråden kjem tilbake frå ferie 1. august, vil han få lærarstreiken rett i fanget.

Kunnskapsdepartementet er nøye med å understreke at statsråden ikkje er heime i permisjon, men at det berre dreier seg om ferie i første omgang. Dermed er det ikkje nødvendig å oppnemne ein settestatsråd.

Torbjørn Røe Isaksen (35) har tidlegare sagt at han aktar å ta ut foreldrepermisjon, men kor lenge han kjem til å vere vekke, har ikkje departementet opplysningar om no.

Permisjon vil uansett først bli aktuelt for Røe Isaksens vedkomende neste år, får NTB opplyst.

I praksis blir det statssekretærene Birgitte Jordahl og Bjørn Haugstad som må leie det politiske arbeidet i departementet når sjefen er i ferie.

NPK)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS