Polarforsking

Ny direktør. — Ein del av oppdraget er å markere norsk råderett

Camilla Brekke må frå første dag som Polarinstituttets nye direktør balansere forsking og politikk.

Camilla Brekke er ny direktør ved Norsk polarinstitutt.
Publisert Sist oppdatert

— Polarinstituttet arbeider med å styrke Noreg som polarnasjon. Det er viktig at Noreg har på seg leiartrøya i forvaltningsretta forsking i polarområda. For å kunne vere ein løysingsorientert kunnskapsnasjon, men det handlar også om å vere til stades i polarområda, seier Camilla Brekke. 

Ho har sete ein knapp time i direktørstolen på kontoret då Khrono snakkar med henne. Som for å understreke poenget, om nokre timar kjem klima- og miljøminister Espen Barth Eide inn døra på kontoret i Tromsø. Eit dialogmøte står på programmet.

Tema er den arktiske delen av forvaltningsområdet. Polhavet i nord er på veg til å bli isfritt om sommaren, som følgje av menneskeskapte klimaendringar. 

— Altruistisk 

Det har eit utal ukjende implikasjonar for Noregs — og verdas — framtid, som involverer nær sagt alle fag- og forskingsfelt. 

Med tidlegare samarbeidspartnar Russland på krigsstien, er det også heilt andre grunnar til at ho kallar feltet for «forskningspolitiske hot spots» i sin første kronikk som direktør. 

— Vi er også her for å logistisk legge til rette for andre forskingsinstitusjonar, nasjonalt og internasjonalt. Det er noko altruistisk i det oppdraget, seier Brekke. 

Milliardløft i Antarktis

Ein stor del av jobben til Polarinstituttet, som også fungerer som direktorat, er å sørge for logistikk og infrastruktur for forskarar og institusjonar frå langt fleire institusjonar enn deira eigen. 

Polarinstituttet eig Noregs mest avanserte forskingsskip, «Kronprins Haakon», er vertskap for Noregs forskingsstasjon i Ny Ålesund på Svalbard og har ansvaret for forskingsstasjonen Troll i Antarktis. 

Troll skal etter planen utviklast og rehabiliterast dei komande åra til ein pris av minst 2,3 milliardar kroner. 

— Vi skal løfte i fellesskap. Eg tenker på det som at vi er del av eit forskarlandslag, seier Brekke. 

Det er ikkje det same som at Polarinstituttet ikkje er i ein konkurransesituasjon. I takt med sterkare nasjonal (og internasjonal) prioritering av hav- og polarforskinga, legg fleire universitet langt større vekt på feltet enn før: NTNU har nyleg lagt ned grunnsteinen for Norsk havteknologisenter i Trondheim. I Bodø er Blått bygg under oppføring. I Bergen har verken universitetet eller Havforskingsinstituttet planar om å gi slepp på sine tradisjonelt sterke posisjonar. 

— Det er klart, vi jobbar absolutt med å få del i dei konkurranseutsette midla, vi også, seier Brekke. 

— Midt i det strategiske

— Kor stor del av jobben din vil dreie seg om å utøve ei nasjonal-strategisk rolle, utover det å vere vitskapsleverandør?

— Vi står heilt klart midt i det strategiske, mellom anna gjennom vertskapet for forskingsstasjonen i Ny-Ålesund. Dette er ein del av oppdraget, å markere råderett på Svalbard. At dei internasjonale, som kjem og forskar her, er på den norske forskingsstasjonen, det er viktig. Russland er ute av bildet som samarbeidspartnar. Men forskinga er internasjonal av natur, og det blir viktig å tenke på korleis vi kan jobbe internasjonalt med å orientere seg mot andre sirkumpolare statar, seier Brekke. 

Ulike satsingar på Svalbard har fått stor plass i Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til Polarinstituttet for 2023. 

Vil ha satsing

Camilla Brekke går rett frå stillinga ho har hatt som prorektor for forsking og utvikling ved UiT Noregs arktiske universitetet og inn som polardirektør. Ho tar over etter Ole Arve Misund, som har sete i jobben sidan 2017. 

I UiT-jobben har Brekke hatt ei sentral rolle i det som er kalla «Framtidens Polhav», eit samarbeid mellom 16 forskingsinstitusjonar som jobbar for at Noreg skal setje av pengar til ei storstilt satsing på polforsking. 

Brekke er opphavleg informatikar og professor ved UiT, og ho har ei lang forskarkarriere bak seg. Ho har mellom anna våre innom rom/jord-forsking, og ho har vore tilsett ved Forsvarets forskingsinstitutt. 

— Vi skal vere synlege og ha legitimitet i Polhavet, seier ho. 

Powered by Labrador CMS