Tidlegare rektor ved Universitet i Agder, Frank Reichert (t.v.), professor Esben Esther Pirelli Benestad, rektor Sunniva Whittaker og universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen testar ut det nye fotgjengarfeltet. Foto: Morten Torjussen

Opna regnboge-fotgjengarfelt i Kristiansand

Pride. Statens vegvesen sa nei, medan Statsbygg sa ja til det fargerike fotgjengarfeltet ved Universitet i Agder.

Publisert

— Vi er alle born av regnbogen, og regnbogen symboliserer mangfoldet i menneskeslekta, sa professor i sosiologi, Esben Esther Pirelli Benestad, då hen klipte snora og opna det nye pride-fotgjengarfeltet i midten av august, ifølgje ei pressemelding.

— Eg er så glad for å få vere med å opne dette, så føl stoltheit når du krysser fotgjengerfeltet, sa Pirelli Benestad då hen klipte snora. Foto: Morten Torjussen
— Eg er så glad for å få vere med å opne dette, så føl stoltheit når du krysser fotgjengerfeltet, sa Pirelli Benestad då hen klipte snora. Foto: Morten Torjussen

Den nyleg avgåtte rektoren ved Universitetet i Agder (UiA), Frank Reichert, er initiativtakar og var svært glad då fotgjengarfeltet endeleg var på plass like ved hovudinngangen på Campus Kristiansand.

— På UiA er vi verkeleg stolte av mangfold, skilnader, kreativitet og fellesskap, sa Reichert i sin tale under opninga.

Staten sa ja og nei

Prosessen med å få på plass fotgjengerfeltet var ikkje berre enkel. UiA søkte først om å få male eit av gangfelta ved eit av dei nye buss-stoppa ved campus, men det sa Statens vegvesen nei til.

Statsbygg sa derimot ja og difor hamna gangfeltet på deira eigedom, ved flaggstonga framfor hovudinngangen til Campus Kristiansand.

Sjå video av snorklippinga og opninga av fotgjengarfeltet: