Prorektorvikar på plass i Volda

Hilde Kristin Strand
kortnytt høgskulen i volda

Ved Høgskulen i Volda (HVO) skal prorektor ha noko så, i denne samanhengen, uvanleg som foreldrepermisjon. I vinter drøfta styret korleis dei skulle gripa saka an. Sidan Søvik er vald, er det han som formelt kan steppa inn som rektor dersom det er naudsynt.

No er løysinga at førsteamanuensis Ingeborg Berg Skogen går inn i ei viserektorrolle frå april til august. Prorektor Søvik held framleis i oppgåver som er direkte knytt til styret, medan Skogen går inn i dei daglege arbeidsområda til prorektorstillinga. Mellom anna skal ho leia Forskingsutvalet og Internasjonalt utval ved HVO i den aktuelle perioden, skriv høgskulen i nyhendebrevet sitt.

Då styret hadde styremøte 13. mars, vart det kjent at høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem har sagt opp stillinga si som direktør.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim seier til Khrono at det er sett ned eit utval frå styret som jobbar med å finna kandidatar som kan konstituerast som høgskuledirektør.

— Det er styret som vedtek konstitueringa, og det bør skje i eit ekstraordinært styremøte så snart som råd, seier Tonheim.

Han seier at stillinga som høgskuledirektør òg ideelt sett bør lysast ut så snart som råd.

— Det er styret som vedtek utlysingsteksten, og også styret som vurderer om me skal be om ekstern hjelp til å finna eigna kandidatar, seier rektoren.

Powered by Labrador CMS