Skal skrive sørsamisk historie

Njord Vegard Svendsen
kortnytt historie forskning ntnu sørsamisk

Det første oversiktsverket over sørsamisk historie er på trappene, skriv Adresseavisen. Det er NTNU som har tatt initiativet til det som skal bli eit samarbeidsprosjekt, der forskarar og fagfolk frå mellom anna Nord universitet, Saemien Sijte skal delta. Saemijen Sitje er eit nytt sørsamisk museum og kultursenter som blei opna i 2022.

— Den sørsamiske historia har lenge vore usynleggjort. Det er skrive sørsamisk historie tidlegare, men ikkje av fagfolk og forskarar slik det vil bli gjort no. Vi har mangla eit heilskapeleg bilde, seier seier direktør Birgitta Fossum ved senteret.

Tidlegare rektor, Anne Borg, bad i 2023 sørsamane om unnskyldning på vegne av NTNU for «feil som vi ikke kan gjøre om».

Bakgrunnen for unnskyldninga var mellom anna den omstridde og tilbakeviste framrykkingsteorien, som går ut på at sørsamane kom sørover på 1700-talet, og dermed ikkje var «først» i regionen. Teorien, som vart lagd fram av historikaren Yngvar Nilsen i 1889, er av enkelte historikarar blitt forsvart heilt fram til 2000-talet.

Powered by Labrador CMS