Rekordstor tildeling til KI-satsing i Volda

Joar Hystad
notis kortnytt høgskulen i volda

Sparebanken Møre gir 4,2 millionar til etablering av eit KI-samarbeid ved Høgskulen i Volda (HVO).

Gåva er den største private tildelinga høgskulen har fått til forsking nokosinne, skriv høgskulen i ei pressemelding

Totalt får Høgskule i Volda 10,2 millionar kroner i støtte frå Sparbenaken møre, til prosjekt både ved høgskule og til Aasenkvartalet.

Banken støtter også etablering av eit såkalla Newton-rom (høgteknologisk klasserom) med 5 millionar kroner og kultur- og konferansescene med 1 million kroner, begge i utviklingsprosjektet Aasenkvartalet, står det i pressemeldinga frå HVO.

Forskingssjef ved Høgskulen i Volda, Henriette Hafsaas, uttaler at høgskulen er svært takksame for pengegåva frå banken.

— Vi vil forske på samfunnskonsekvensane av KI og finne ut korleis vi kan nytte teknologien på ein best mogleg måte saman med partnarane våre, seier Hafsaas.

Glade mottakarar av millionstøtte frå banken, framfor ein illustrasjon av prosjektet Aasenkvartalet. F.v.: Sparebanken Møre-banksjef Hege Karete Hamre, HVO-forskarane Kjetil Vaage Øie, Andreas Brandsæter, Siv M. Gamlem, Henriette Hafsaas (forskingssjef) og Runar Lie Berge, kommunalsjef for oppvekst Per Ivar Kongsvik og ordførar Sølvi Dimmen frå Volda kommune og lengst til høgre HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Powered by Labrador CMS