Trump bremsar nasjonal helseforsking

Njord Vegard Svendsen
kortnytt helseforskning usa trump

Brått avlyste møte, reiseforbod og stillingsstopp. Trumps restriksjonar har alt skapt uro og forvirring for fleire tusen helseforskarar. National Institutes of Health (NIH), dei statlege institutta for helse, med eit budsjett tilsvarande 500 milliardar norske kroner, har eit tid blitt utpeikt som ein av hoggestabbane:

Berre to dagar etter at Donald Trump vart innsett som president i USA, tikka beskjedane inn om ei rekke restriksjonar for den føderale helseforskinga. Ei rekke møte, inkludert ein workshop for unge forskarar og eit panelmøte som skulle vurdere søknader om forskingstilskot, blei stansa på kort varsel, skriv Science. Det er også innført full stans i all reising og stans i alle tilsetjingar.

— Verknaden av presidentordrane og det som blir pålagt er øydeleggande, seier ein tilsett ved NIH til Science.

Powered by Labrador CMS