Enorm interesse for å bli nasjonalt forskingssenter for KI

Joar Hystad
notis kunstig intelligens kortnytt

Forskingsrådet har fått inn 50 søknadar om å bli nasjonalt forskingssenter på kunstig intelligens. Bak søknadane står meir enn 600 unike aktørar.

Det skriv Regjeringa i ei pressemelding tysdag.

Regjeringa har som kjend sett av minst éin milliard kroner til auka forskingsinnsats på kunstig intelligens, digital tryggleik og konsekvensane den digitale utviklinga har for samfunnet.

I juni i år skal Noreg få mellom fire og seks forskingssenter på kunstig intelligens.

— Eg er glad for å sjå den formidable interessa for KI-milliarden. Det er tydeleg at satsinga har mobilisert kunnskapsmiljø både i privat og offentleg sektor. Søkarlista viser at det ikkje er tvil om at vi har ei lang rekke fagmiljø med imponerande kvalitet og høge ambisjonar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Dei 50 søknadane som no er komen inn er eit resultat av i alt 122 skissesøknadar som blei levert sommaren 2024.

Forskingsrådet skal no behandle søknadane, og avgjerda om kven som får status som nasjonalt forskingssenter vil skje i juni i år.

Dei 600 unike aktørane bak søknadane fordeler seg slik:

  • 225 bedrifter
  • 151 forskingsinstitusjonar
  • 131 offentlege institusjonar
  • 6 fylkeskommunar
  • 28 kommunar
Demonstrasjon foran Stortinget
Oddmund Hoel gler seg over mange søknader.
Powered by Labrador CMS