Opna kreativt hus

Sveinung Engeland
nord universitet kortnytt

Nord universitet og Statsbygg markerte onsdag den offisielle opninga av «Kreativt bygg» i Levanger.

Det nye signalbygget er på 1300 kvadratmeter og har ein prislapp på 100 millionar kroner. Det skal huse skodespelarutdanninga ved universitetet og rommar ein teatersal og tre øvingssalar.

Tre kull med totalt 60 studenter er allereie i full gang med undervisninga i dei nye lokala.

– Kreativt bygg er ei stjerne av eit bygg der arkitekturen gir ein naturnærleik og eit innslipp av lys som tek pusten frå deg, sa rektor Hanne Solheim Hansen under opninga.

Med skodespelarutdanninga på plass i dei nye lokala er Nords mange kreative fagmiljø og kreative studentar samla på ein stad: Musikk, teater, drama, kunst- og handverk, film og TV, spel- og opplevingsteknologi og CG art and Animation. Til saman er det kreative fagmiljøet på om lag 60 vitskapelege tilsette og kring 500 studentar.

Rektor Hanne Solheim Hansen held tale under opninga av Kreativt bygg
– Eg gler meg til ei kreativ framtid med vitskapelege og kunstnarisk grensesprengjande felles prosjekt mellom fagmiljøa og studentane, sa rektor Hanne Solheim Hansen iunder opninga av Kreativt bygg
Powered by Labrador CMS