Regjeringa vil sletta studiegjeld

Ragnhild Bjørge
statsbudsjettet2025 kortnytt studiegjeld student

Regjeringa vil ha på plass ei ordning for å sletta studiegjeld for dei som bur i dei 212 minst sentrale kommunane i Noreg.

Det kjem fram i ei pressemelding frå regjeringa.

Gjennom ordninga vil alle som bur i ein av dei 189 kommunane i det Statistisk sentralbyrå kallar sentralitetssone 5 og 6 i minst eitt år, få sletta 25.000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026.

I tillegg til at du må bu i kommunen i minst eitt år, må du også vera i arbeid.

Bur du i Troms eller Finnmark vil ein kunna få sletta 60.000 kroner i året frå 2026.

Desse endringane vil til saman kosta 1,3 milliardar i året frå 2026.

Powered by Labrador CMS