Vingen: Stakk kjeppar i hjula for utbygging

Njord Vegard Svendsen
vingen kortnytt

Etter omkamp i kommunestyret i Bremanger kommunestyre torsdag, går det politiske fleirtalet no i mot ein heilt sentral del av den planlagde utbygginga av ein stort steinbrot i det freda landskapet kring helleristningane i Vingen.

Området er eigd og blir forvalta av Universitetet i Bergen. Regjeringa har gitt det nederlandske selskapet grønt lys for å utvinne 350 millionar tonn av den ettertrakta kvartssteinen i området.

Fagfolk ved universitetet er blant dei som har vore sterkt imot utbygginga i området, fordi dei meiner det vil rasere eit unikt natur- og kulturlandskap, der den 6000 år gamle bergkunsten er lokalisert.

No er det klart at kommunen vil gå inn for å trekke planane om bygging av ny utskipingshamn for steinen.

Powered by Labrador CMS