Omstridd dekan går av

Njord Svendsen
jan erik askildsen universitetet i bergen kortnytt

Det har storma kring dekan Jan-Erik Askildsen ved Universitetet i Bergen. No varslar fakultetet at han går av.

I oktober fyller dekanen ved det Samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) 70 år. 1. november går han av med pensjon, går det fram av styrepapira til det neste styremøtet ved fakultetet. Då har dekanen framleis nesten eitt år igjen av perioden han er vald for. 

Ifølgje regelverket skal prodekan rykke opp og ta over dersom det er mindre enn eit år igjen av perioden. Det betyr at prodekan Siri Gloppen rykker opp og blir ny dekan ved fakultetet.

Så seint som i april nekta Askildsen å svare på om han ville gå av som dekan i løpet av året.

Bakgrunnen for spørsmålet var krav frå tilsette på fakultetet om at han måtte trekke seg etter det fleire kritikarar meinte var dårleg økonomistyring. Fakultetet kjempar med eit underskot på 40 millionar kroner og må gjennom tøffe innstrammingar dei komande åra.

Dekan Jan Erik Askildsen varslar at han går av 1. november.
Powered by Labrador CMS