Første master i samisk språk- og litteratur­vitskap

Njord Svendsen
kortnytt samisk nord universitet

Nord universitetet tilbyr for første gong masterprogram i samisk språk- og litteraturvitskap. Seks studentar har takka ja til studieplass på det historiske studiet, melder universitetet. 

Dei seks studentane hadde første samling ved Nord universitets campus i Levanger seint i august.

— Eg veit ikkje når dette tilbodet kjem neste gang, så for min del var det berre å sleppe alt ein har i hendene, søke og hoppe på, seier Irja Kappfjell, som er lærar i sørsamisk, og ein av dei som no tar fatt på mastergraden.

Det nye samiske mastertilbodet blir gjennomført i samarbeid mellom Nord universitet og Universitetet i Tromsø (UiT). I forelesingane, som UiT har ansvar for, er undervisningsspråket norsk. Medan Nord universitet har ansvar for språkstøtte og rettleiing av studentane undervegs, blant anna i form av ei rekkje seminar på sørsamisk.

Powered by Labrador CMS