Vil koste ein halv milliard å flytte vikingskipa

Joar Hystad
universitetet i oslo notis kortnytt

I samband med bygginga av det nye Vikingtidsmuseet på Bygdøy, skal tre vikingskip flyttast over frå det gamle bygget.

I 2022 viste utrekningar at det ville kosta rundt 270 millionar kroner å flytta dei tre skipa. I dag skriv NRK at ny anslag viser at det vil kosta 550 millionar kroner å flytta skipa. Kostnadene inkluderer materiell, trening og testing av utstyr og sjølve flyttinga av tre vikingskip og tre vikingsledar, skriv statskanalen.

Det er Statsbygg som har kome med dei nye utrekningane. Noko av årsaka til den enorme skilnaden i pris er mellom anna at skipa må heisast med krane dei 100 metrane bort til det nye bygget, i staden for og slepast, som følge av at golvet ikkje vil tole slepeprosessen.

Flyttinga av skipa skal etter planen starte i september neste år, og dersom alt går vegen, vil det nye Vikingtidsmuseet vere klart for publikumsbesøk innan utgangen av 2027.

Leiinga ved kulturhistorisk museum, som Vikingtidsmuseet er ein del av, er uroa over budsjettauken i posten som omhandlar flytting av skipa.

— Men vi har stor forståing for at det har vore vanskeleg å stipulere, seier direktør Aud Tønnessen til NRK.

Forskings- og høgare utdanningsminister, Oddmund Hoel (Sp), seier at kostnadssprekken knytt til flytting av skipa ikkje vil gå ut over andre ting i prosjektet.

Osebergskipet er blant skipa som skal flyttast til det nye bygget.
Powered by Labrador CMS