Ein utvekslingsstudent frå Spania som studerte ved campus Røstad i Levanger (hovudbygget på campus på biletet), ved Nord universitet, omkom i ei trafikkulykke søndag morgon. Foto: Statsbygg

Fleire Nord-studentar i alvorleg ulykke — ein omkom

Ulykke. Sju studentar som studerte ved Nord universitet campus Røstad var søndag involverte i ei alvorleg bussulykke. Ein spansk utvekslingsstudent omkom.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var klokka 05.30 søndag morgon at ein norskregistrert minibuss køyrte av Europaveg 10 ved Abisko i Kiruna i Sverige. Det skal ha vore glatt føre og minibussen hamna på taket. I bussen sat sju studentar som studerte ved campus Røstad ved Nord universitet, skriv avisa Fremover.

Det er med stor sorg Nord universitet har motteke bodskapen om at ein av våre studentar har omkome.

Hanne Solheim Hansen

Seks av studentane er ifølgje avisa spanske statsborgarar, i alderen 25 - 30 år. Ein av dei involverte er norsk statsborgar. Ifølgje Expressen er den omkomne spansk. Dei sju skal ha vore på ei reise i privat regi, ifølgje kommunikasjonsleiar for Nord universitet, Tor Dybdahl Holthe, skriv Trønder-Avisa.

Vil ta vare på pårørande, studentar og tilsette

Nord universitet stadfesta måndag overfor Trønder-Avisa at det var ein av deira studentar som omkom i ulykka, og at resten også er studentar ved campus Røstad i Levanger.

To studentar blei måndag behandla på Universitetssjukehuset i Nord-Noreg i Tromsø, og fire blei behandla på sjukehuset i Narvik.

— Det er med stor sorg Nord universitet har motteke bodskapen om at ein av våre studentar har omkome. Vi ønskjer å uttrykke vår djupaste medfølelse med dei pårørande. Vår viktigaste oppgåve no er å ta vare på både pårørande, dei andre studentane som var med i ulykka, øvrige studentar og tilsette, seier rektor Hanne Solheim Hansen i ein e-post til avisa.

Måndag var det ei samling for studentar som hadde behov for å møtast på campus Røstad.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS