pride

Nord-tilsett etterforska for hatkriminialitet

Politiet har oppretta straffesak mot ein tilsett ved Nord universitet etter at han skal ha hetsa homofile.

Det er ein tilsett ved Nord universitet sin campus i Bodø som er meld til politiet.

På ein utestad i Bodø vart det homofile paret Hroar-William Wiik Adelsten og Kjetil Malm Hamlandsø hetsa av ein vaksen mann.

Saka har vore omtala i fleire aviser, mellom anna Bodø nu. No er det oppretta straffesak mot mannen, som er tilsett i ei fagleg stilling ved Nord universitet. Det eksisterer ein video av hendinga, der ein ser ein mann ropa mot andre personar. Noko av det ein oppfattar er «jævla homo».

— Straffbare handlingar som går på mellom anna dette med seksuell orientering er eit prioriteringsområde for politiet. Det seier politiadvokat Eirik Magnus Blomli ved Nordland politidistrikt til NRK.

Strafferamme: 3 års fengsel

— Den vidare etterforskinga vil visa om det har skjedd ei straffbar handling, og i så fall kva strafferamme det vert, seier Blomli.

Hatefulle ytringar kan straffast med mot eller fengsel i inntil tre år.

Hendinga i Bodø skjedde dagen etter Oslo-skytinga. NRK skriv at halvparten av meldingane politiet har fått om hatkrim i år, som var 27 i slutten av juni, kom etter skytinga 25. juni.

Beklagar

Kjærasteparet seier til NRK at dei vart sjokkerte, og at dei aldri har opplevd noko liknande før. Hetsen skal ha starta inne på utestaden, og halde fram utanfor. Då filma Adelsten det som skjedde.

Sjølv beklagar mannen oppførselen sin.

— Det eg sa og gjorde er heilt forkasteleg og ikkje noko eg står for. Eg er veldig lei for at eg har skremt og krenka mange på denne måten. At eg var berusa er inga orsak, og får meg til å innsjå at eg må jobba med meg sjølv. Eg ber alle eg har krenka og skremt om å tilgi meg, seier han til NRK.

Arbeidsgivar kjenner saka

Kommunikasjonsdirektør Andreas Førde ved Nord universitet seier til Khrono at dei kjenner til saka, og universitetet er òg gjort kjende med at saka er meld til politiet.

— Me har kontakt med den aktuelle medarbeidaren, men den vidare dialogen kan me ikkje kommentera nærmare, skriv Førde i ein epost til Khrono.

I ein uttale frå Nord universitet heiter det at universitetet tek avstand frå alle former for diskriminering og trakassering, og jobbar aktivt for å skapa eit inkluderande og mangfaldig miljø.

Powered by Labrador CMS