Frances H. Arnold får tildelt nobelprisen i kjemi for 2018 av kong Carl Gustaf av Sverige. No må ho og medforfattarane trekke tilbake ein fagfellevurdert artikkel. Foto: NTB scanpix - EPA/Pontus Lundahl

Nobelprisvinnar trekker tilbake publisert studie

Intellektuell audmjukskap. Nobelprisvinnar i kjemi, Frances H. Arnold, må trekke tilbake ein fagfellevurdert artikkel publisert i tidsskriftet Science i fjor. Årsak: Resultata i studien kan ikkje reproduserast.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frances H. Arnold vart i 2018 tildelt nobelprisen i kjemi for hennar forsking på styrt evolusjon av enzym. Prisen delte ho med kollegaer Greg Winter og George P. Smith.

Men Arnold starta året 2020 med dårleg nytt. Ho er nøydd til å trekke ein fagfellevurdert artikkel ho var med på å publisere i tidsskriftet Science i 2019 — og Arnold tek sjølv på seg skulda.

Det er låkt, men viktig å innrømme dette. Eg beklager til alle.

Frances H. Arnold

— Alle tre medforfattarar er samde om at studien må trekkast og har bede om unnskyldning. Eg var midt oppe i nobelpris-sirkuset og følgte ikkje denne innleveringa nøye nok, så dette er min feil, seier Arnold til Retraction Watch, som først omtalte saka. Også Forskning.no har skrive om saka.

Årsaka til at artikkelen vart trekt tilbake, var fordi resultata i studien ikkje lét seg reprodusere.

Redaktør set pris på openheit

Ho delte sjølv nyheita på Twitter i førre veke. Like etterpå kunngjorde også tidsskriftet Science at forfattarane sjølve har trekt tilbake artikkelen. Arnold skal ha kontakta tidsskriftet allereie den 1. desember i fjor og gjort dei merksame på at studien måtte trekkast

— Det er låkt, men viktig å innrømme dette. Eg beklager til alle. Eg var litt travel når studien vart sendt inn og gjorde ikkje jobben min skikkeleg, skriv Arnold på Twitter.

Til nettstaden Retraction Watch fortel Arnold at det var forskarar ved hennar eige laboritorium som sjølv ikkje klarte å attskape resultata frå den publiserte studien.

Det viste seg at notatbøkene til ein av medforfattarane mangla viktig data frå dei opprinnelege forsøka, som kunne støtte resultata.

Ansvarleg redaktør i Science, Holden Thorp, seier til Retraction Watch at dei set stor pris på Arnold og kollegaane hennar si openheit kring denne saka.

Artikkelen til Arnold og kollegaane har blitt sitert ein gong, ifølgje Clarivate Analytics’ Web of Science.

Får massiv støtte

Sidan Arnold skreiv om tilbaketrekkinga på Twitter, har godt over 8000 likt Twitter-meldingane hennar om saka.

Både eldre og yngre uttrykker si respekt for avgjerda om å vere open om feilgrepa.

Ein ung indisk forskar skriv mellom anna dette:

— Å sjå ein nobelprisvinnar sin tweet om at vedkommande har trekt tilbake ein journalartikkel viser kor viktig det er at forskarar er ærlege med sine data. For slike som meg, som er heilt ferske i forskingsfeltet, er denne handlinga ein viktig lærdom, skriv Anmol Kulkarni.

Førsteamanuensis i HR ved University of Western Australia, Andrew R. Timming, twitrar også om saka. Han skriv:

— Dette er absolutt heilt greit. Det skal ikkje vere stigma eller skam forbunde med å trekke tilbake ein fagfellevurdert artikkel for feil gjort i god tru på laboratoriet. Dette er god vitskap etter mitt syn, skriv Timming om saka.

Ikkje første nobelprisvinnar som trekk tilbake arbeid

Arnold er ikkje den første nobelprisvinnaren som har vore nøydd til å trekke tilbake fagleg arbeid, ifølgje nettstaden.

Lista over andre vinnarar inkluderer Linda Buck som fekk nobelprisen i fysiologi eller medisin i 2004, Michael Rosbash (nobelpris i medisin i 2017), Jack Szostak (nobelpris i medisin i 2009) og Bruce Beutler (nobelpris i medisin i 2011).

Daniel Kahnemann (som vart tildelt nobelprisen i økonomi i 2002) har også offentleg innrømt feil, sjølv om han ikkje har trekt tilbake vitskapelege artiklar. Også Paul Nurse, som fekk nobelprisen i fysiologi i 2001, kom med ein korreksjon for nokre år sidan, ifølgje Retraction Watch.

Powered by Labrador CMS