NHH tek ikkje imot innreisande utvekslingsstudentar
Noregs handelshøgskule (NHH) avlyser all utveksling for innreisande studentar hausten 2020, både på bachelor- og masternivå, opplyser dei på eigne heimesider.

Det skjer etter at høgskulen tidlegare denne månaden bestemte at utveksling for utreisande studentar på masternivå heller ikkje blir noko av den komande hausten, skriv K7 Bulletin.
Det vil heller ikkje bli sett opp noko virtuelt alternativ for innreisande studentar.
— Vi er klar over at nokre innreisande studentar ikkje vil ha høve til å utsetja planlagde opphald, og at dei truleg vil bli skuffa. Diverre kan vi ikkje tilby eit virtuelt utvekslingssemester ved NHH som eit alternativ, skriv høgskulen på heimesidene.
Dei presiserer på heimesidene at avgjerda kun gjeld utveksling og ikkje for dobbeltgrad-studentar. Studentane dette gjeld har fått informasjon direkte, opplyser pressekontakt Sigrid Folkestad til K7 Bulletin.
Høgskulen har eit mål om å kunne ta imot innreisande utvekslingsstudentar våren 2021.
(Ragnhild Vartdal / Khrono)
Nyeste artikler
Nettside reklamerer med at de løser eksamensoppgaven for deg
Britiske universiteter på studentjakt utenfor Kina
Medieorganisasjonene ber om at aktiviteten i Medienorge videreføres
Språkkrav forplikter også universitetet
Per Edvard Østerud (1928-2023)
Mest lest
NTNU mente studenten hadde fusket - studenten vant i retten
«Litt overkvalifisert»? Vil ha folk med doktorgrad til administrasjonen
Studentene ble svært overrasket da de åpnet hjemmeeksamen: — En menneskelig feil
Kristian Gundersen fikk varsel etter Twitter-kommentar: — Helt absurd
Cathrine Wahlstrøm Tellefsen (1967-2022)