— Hva heter du? Atle? Ok, Atle, nå skal du høre her! Petter Stordalen var hyra inn av studentane på NHH for å fortelje om suksess and how to get it. Foto: Tor Farstad.

«Follow your dream, how to get rich, og alt sånt piss»

NHH Forum: — Dette er avdelingen for det du ikke lærer av rektor Thøger’n og de andre professorene!

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Klokka er nitten over ti ein onsdag i oktober, og rektor Øystein Thøgersen har akkurat introdusert Petter Stordalen for ein stappfull aula på Norges handelshøyskole (NHH) i Bergen. Dei har tilsynelatande ikkje all verda til felles, dei to, bortsett frå spisse skotuppar.

Det er altfor mykje studering!

Petter Stordalen

This is an annual academic seminar, you understood that from the music, tøysar Thøgersen, professoren, makroøkonomen. Hiten Dance Monkey er akkurat blitt spelt over anlegget for fjerde gong:

Fakta

Petter Stordalen

Petter Stordalen er født i 1962 i Porsgrunn i Telemark.

Han har en lang karriere som forretningsmann og næringslivsleder; markedsøkonom, styreleder i Nordic Choice Hotels Scandinavia. I perioden 1999–2006 var han konsernsjef, og fra 1996–1999 var han styreleder. Han er blant Norges rikeste personer med en formue på over 13 milliarder kroner (2015).

Har samlet sine selskaper i holdingselskapet Strawberry. Han kontrollerer nesten 90 prosent av aksjene i Choice, som omfatter mer enn 190 hoteller i Norden.

Stordalen var viseadministrerende direktør i kjøpesenterselskapet Steen & Strøm i 1991–95, og administrerende direktør i 1995–96.

kilde: snl.no

Oh my god I see the way you shine. Dance for me, dance for me.

We love speed and energy, prøver Thøgersen, før nokon trykker på play, og Petter Stordalens eigen introduksjon rullar over storskjermane: scener frå store scener der Petter Stordalen blir hylla av eit stort og entusiastisk publikum, pluss ein sekvens der han deiser rundt som ein galning på vass-scooter, før fuzz-gitarane fader ut og ei maskulin stemme med amerikansk aksent rundar av med please welcome on stage – Pidder Stoardaleeen!

Det akademiske seminaret er i gang.

Gløym McKinsey, gløym undervisningsrommet

Fram frå mørket stig han, i kjøt, og blodet pumpande gjennom blodårane som trenger seg fram på den solbrune halsen og dei imponerande bicepsane, som førebels er skjult under eitt av merkevara Petter Stordalens varemerke, skinnjakka.

— Gooo morn, handelshøyskolen! seier, nei, roper Petter Stordalen, og går straks over på oppdraget, riste i studentane sine presumptivt konforme, pensum-orienterte tankar om kva som skal til for å komme seg opp og fram her i (forretnings)verda.

Professor Thøgersen, rektor på NHH i blå dress følgjer interessert med på Petter Stordalens intense speed og energy. Foto: Tor Farstad

Gløym McKinsey. Forget Ernst & Young.

— Det dere ikke tenker på er … forlagsbransjen!

Dei som følgjer med veit at jordbærplukkaren, hotellkongen, forretningsmogulen, milliardæren, miljøvernaren og luftgitaristen Petter Stordalen no også gir ut bøker.

— Går du du der alle andre går, er konkurransen steinhard, seier, nei roper Petter Stordalen til studentane og andre som har tatt turen frå kontor og undervisningsrom på den prestisjetunge skulen han aldri hadde hatt sjanse til å komme inn på.

Dei er komne for å høyre Petter Stordalen snakke om Petter Stordalen, og «om at nøkkelen til suksess i næringslivet ikke kan læres i et undervisningsrom».

Piffigraden

Sjølv kan han skilte med diplom i frukt og grønt frå Bama, fortel han, og han har ein grad i grilling med Piffi frå Norsk kjøpmannsinstitutt, ein institusjon som har gått eit stykke under radaren på internasjonale universitetsrangeringar. Han har nokre studiepoeng frå Markedshøyskolen også, men det er eigentleg ikkje poenget her, i så fall berre som krydder, for å piffe opp.

Litt uti kastar Petter Stordalen skinnjakka, som blir liggande på scenekanten, med eit påsydd Jomfru Maria-merke vendt mot salen, der Petter Stordalen seier, nei, roper gjer han, at dersom du skal gjere karriere, så må du ha det moro, du må gi folk gåsehud av det du driv med, og ikkje fordi dei frys.

Han slår eit slag for festing, der har du ein metode som fungerer, det har Petter Stordalen empiri på (sjå note).

Petter Stordalen fortel historia om Petter Stordalen, dei fleste har nok fått med seg at han var ein jævel til selje jordbær i sine unge år, nok til å pynte substansielt på botnlinja til farens daglegvarehandel. At han snubla over konkursen til det tradisjonsrike varehuset Steen & Strøm og fylte hyllene med eit trailerlass med feilvarer og korleis dette var starten på ei reise, som det så ofte heiter i dag, at han insisterte på å få sendt Solo-parasollar til opninga, slike som nokre år tidlegare skugga for jordbærkorgene, at han på eventyrleg vis vart senterleiar på City Syd i Trondheim som tjuefireåring, vart hyra av Atle Brynestad, sparka av Atle Brynestad, vart hotellkonge, forretningsmogul, milliardær, luftgitarist, nei det var han forresten frå før, forlagsmann, ja, foredragshaldar på anerkjende forskings og utdanningsinstitusjonar, som NHH og Cornell University i USA (sjå ekstranummer).

Færre har kanskje fått med seg at han måtte gå første klasse to gonger, hadde bolleklipp og ei tid gjekk under kallenamnet Lille Tjukke Petter Pæra.

Karakteren

— Dette er avdelinga for det du ikkje lærer av Thøger’n og dei andre professorane, seier, nei, roper Petter Stordalen.

Elvis has left the building, men det gjer ikkje noko, for snart kjem Petter Stordalen i eigen person inn i aulaen, storstova på NHH i Bergen. Foto: Tor Farstad

— Det er altfor mykje studering! Du går ikkje på skulen for å få karakterar, men for å utvikle karakteren!

Og mellom linjene, der er det nesten ikkje plass, kan ein lese at det ikkje trengst noko MBA eller sånt til slikt, men NHH er okey det, berre hugs at du ikkje må vere som alle andre, eller gjere som alle andre.

Og publikum smiler, Thøger’n, makroøkonomen, smiler. Petter Stordalen leverer, ikkje uventa, både speed og energy, and the story goes on, and on, and on, and on, historia om Petter Stordalen er historia om Petter Stordalen, Petter Stordalen live on stage, og rundt omkring i aulaen, på NHH.

Berre øl i plastbeger manglar for at dette skal kjennast komplett, ein gitarist kanskje, bass, trommer, eller kanskje er Petter Stordalen meir enn nok, kor lenge er det igjen, spør Stordalen, to minutt seier Stordalens viseadministrerande direktør, statsvitaren Bjørn Arild Wisth.

Petter Stordalen og Jomfru Maria

Og Petter Stordalen leiter etter ein punchline før det heile skal rundast av, eller wrappast up, med endå ein video der Petter Stordalen står på ei scene og blir hylla av eit stort og entusiastisk publikum, først i skinnjakke, deretter i t-skjorte, og det tar fullstendig av framfor auga på studentane og det er berre The Rolling Stones som manglar der på scenen, men Petter Stordalen får halde, Thøger’n, og dei unge leiarspirane ser folkemassane på storskjermane vaiande med monumentale flagg, og det er ein nasjonaldag, eller ein revolusjon, som utspelar seg på storskjermane, opp alle jordens eitt eller anna, hotellgjestar, jordbærplukkarar, til storslått musikk, og Petter Stordalen står på scenen, og Petter Stordalen hentar skinnjakka si med Jomfru Maria frå scenen, og Petter Stordalen, seier, nei, roper, takk for seg.

Men ikkje heilt.

EKSTRANUMMERET

For etterpå får Khrono eit eksklusivt intervju backstage med Petter Stordalen og kommunikasjonssjefen hans. Petter Stordalen svarer stort sett på alle spørsmål med å fortelje ei eller anna historie, ei historie om ei historie om Petter Stordalen, eller nokon av dei som har, er eller har vore rundt han.

— Er du blitt sånn eller fødd sånn?

— Dei fleste trur det er faren og mora di som påverkar deg mest. Men det er faktisk vennene dine, og dei du omgir deg med. Dei påverkar deg mykje meir i vala du tar i livet ditt. Eg er nok blitt sånn, seier Petter Stordalen og går nesten på automatikk over i ein redigert versjon av historia om møtet med trøndersk næringsliv, Atle Brynestad, Steen & Strøm …

—Kan mangel på utdanning vere ein fordel?

— Nei. Folk har ein tendens til å sjå på Fredriksen, Reitan, Brekke …– ja, no har Brekke ein bachelor då, eller nesten (Telenor-sjef Sigve Brekke som bløffa på seg bachelorgrad, red.merkn.) Folk ser på desse og seier, sjå dei har ikkje utdanning, derfor lykkast dei. Men statistisk sett er dei som har god utdanning som kjem best ut, som har suksess, får best lønn. Eg er eit uvanleg tilfelle. Fredriksen er eit uvanleg tilfelle. Det er viktig for meg å fortelje at utdanning er viktig, og samtidig må det vere rom for å gjere andre val for dei som er meir praktiske, seier Petter Stordalen, han roper ikkje lenger no.

— Kunne du ha slått deg opp på same måte i dag, som du gjorde den gongen du var ung?

— Korfor ikkje? svarer Petter Stordalen, på instinkt, verkar det som. Men eg hadde nok vore endå betre skodd om eg hadde ei betre utdanning.

— Folk er kanskje meir opptatt av CV’en i våre dagar?

— Dersom ein trur at det er kvite menn som har passert femti som skal definere korleis ein skal definere bedriftene, har ein bomma, seier Petter Stordalen. Foto: Tor Farstad

— Det kan hende, men i Nordic Choice er vi ikkje så opptatt av CV’ar, Nordic Choice er historia om alle som begynner i Nordic Choice, ta for eksempel Torgeir, han begynte som kokk, han er frå Batnfjorden, det er ikkje så mange som er frå Batnfjorden … seier Petter Stordalen, og endå ei historie frå historia om Petter Stordalen og dei som omgir han er i ferd med å bli fortalt, han er inne i ei forteljing om Torgeirs moralske kompass, det er berre det at kommunikasjonssjefen hintar om at det er to minutt igjen, igjen.

— Dersom ein trur at det er kvite menn som har passert femti som skal definere korleis ein skal definere bedriftene, har ein bomma. Eg vil sende eit signal om at det går an å vere annleis. Om at det ikkje er så farleg.

Og til dei som trur at Petter Stordalen er ein sånn follow your dreams-type:

— Eg var på Cornell University og heldt foredrag. Amerikanarane snakkar heile tida om follow your dream og how to get rich og alt sånt piss. Det trur eg ikkje på. Eg kunne ikkje ha drøymt om det eg har gjort. Eg kunne ikkje drøyme at eg skulle bli sjef på City syd, bli headhunta av Atle Brynestad, overta Steen & Strøm … Det er faktisk det eg skriv om i mi nye bok, seier Petter Stordalen, ei bok vi må gå utifrå er gitt ut på eige forlag.

— Ikkje følg draumen!

* Kommunikasjonssjefen, som har fått sitata til gjennomsyn, trur kanskje Petter Stordalen sa «feiling», ikkje «festing» i foredraget sitt, men kjem fram til at det går på eitt ut, han er for både feiling og festing.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS