Seks vil bli ny rektor på Handelshøyskolen
Fire interne og to ukjende søkarar vil gjerne ta over jobben etter rektor Frøystein Gjesdal ved Norges Handelshøyskole (NHH). Gjesdal går av neste sommar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Søknadsfristen gjekk ut 1. desember, men den offentlege søkarlista blei først publisert i går.
Det kom inn seks søkarar, og fire av desse er offentlege. Dei to siste – ei kvinne og ein mann – har fått lov til å vere hemmelege.
Dei fire kjende er alle tilsette ved Norges handelshøyskole, og dermed godt kjent i miljøet:
- Tor Wallin Andreassen, f. 1955, Bærum
Professor i tenesteinnovasjon ved NHH og leiar av Center for Service Innovation. Har tidlegare vore professor og prodekan på Handelshøyskolen BI.
Det skjer store endringar i sektoren, og det er viktig at rektor har evner til å handtere desse på ein god måte.
Vegard Brækkedal
- Karin Thorburn, f. 1964, Bergen
Professor i finans ved NHH, og har tidlegare vore ein del av staben på Tuck School of Business på Dartmouth College.
- Aksel Mjøs, f. 1964, Osterøy
Førsteamanuensis ved NHH, med bakgrunn frå Samfunns- og næringslivsforsking (SNF) ved NHH. Har tidlegare jobba i mellom andre DnB Asset Management og Morgan Stanley.
- Øystein Thøgersen, f. 1964, Bergen
Professor ved NHH, samt styremedlem ved institusjonen. Styreleiar for Senter for næringslivsforskning (SNF), og sat i styret til Noregs bank frå 2004 til 2009.
Tiltrer 1.august
Den nye rektoren skal tiltre 1. august, og stillinga er på åremål for fire år. I utlysinga blir det spurd etter ein person som normalt skal ha professorkompetanse på eit relevant fagområde. God innsikt i konkurransesituasjonen og mulegheitsrommet – både nasjonalt og internasjonalt – blir etterspurd. Mercuri Urval Board & Executive er leigd inn for å hjelpe i tilsetjingsprosessen.
Utval for å forankre
Eit innstillingsutval leia av noverande rektor og styreleiar Frøystein Gjesdal styrer tilsetjingsprosessen, og i tillegg er det utpeikt eit større utval for å forankre prosessen blant studentar og tilsette.
NHH vedtok i juni å gå frå dagens ordning med vald rektor, som og er styreleiar, til ordninga med tilsett rektor og ekstern styreleiar. Ved førre rektorval var det i utgangspunktet berre Gjesdal som var kandidat, før studentane overtalte Victor D. Norman til å stille som rektorkandidat.
Må handtere endringar
— Det som er viktig for studentane er at vi får ein dyktig og god leiar som kan leie skulen, dei administrativt tilsette og dei faglege, og ivareta interessene til skulen. Det går skjer store endringar i sektoren, og det er viktig at rektor har evner til å handtere desse på ein god måte, seier Vegard Brækkedal, som leiar Norges Handelshøyskoles Studentforening (NHHS).
For studentane sjølv er det eit ønskje om at metodefaga blir styrka ved institusjonen, men her er det allereie endringar på gang, fortel Brækkedal.
— Dei kulla som går her no kjem til å nyte godt av desse endringane.
Dyktige kandidatar
Studentane er dessutan nøgde med at NHH er gode på internasjonalisering, og at dei ferdige kandidatane er særs godt etterspurde.
— Men at ein er best i klassen betyr sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan bli betre.
Brækkedal er òg nøgd med dei kandidatane han kjenner identiteten til.
— Det ser ut som det er dyktige kandidatar, seier han.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!