Sprikande høyringssvar om dyreforsøk
Forskning. Dyrevernarar skryt av utkastet til nye retningsliner for dyreforsøk. Institutt for biovitenskap ved UiO meiner utkastet er både overflødig og vagt.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I oktober la Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (NENT) sitt utkast til retningsliner for dyreforsøk. Det finst allereie reglar for dyreforsøk i dei generelle forskingsetiske retningslinene for naturvitskap og teknologi, samt – sjølvsagt – i form av lover og forskrifter, skriv På Høyden.
Etter høyringsrunden knytt til oppdatering av dei generelle retningslinene i 2016, og etter ein påfølgande workshop, meiner NENT likevel at det finst «et behov for å systematisere og utdype etiske prinsipper og normer som omhandler dyr i forskning i et sett med spesialiserte retningslinjer».
Skryt frå dyrevernarar
Fleire av dei aktørane som har kome med høyringsinnspel ser ut til å vera samde med det. NENT får til dømes ros frå Dyrebeskyttelsen, som i si høyringsfråsegn skriv at dei er veldig positive til dei nye retningslinene, og at dei meiner det er på tide at det kjem nye føringar for bruk av forsøksdyr i Noreg. Også Dyrevernalliansen uttrykker seg positivt, og meiner at dei nye retningslinene er relevante og utfyllande.
Til liks med både Tekna og Rådet for dyreetikk etterlyser dei to organisasjonane likevel ei innskjerping av språket i dei føreslegne retningslinene, slik at «bør» vert erstatta med «skal». Det gjeld til dømes punktet om at tilgjengeleg alternativ bør prioriterast dersom same kunnskap kan oppnåast utan forsøksdyr. Dette er eit krav som i røynda også ligg i Forskrift om bruk av dyr i forsøk.
Skarp kritikk frå UiO
Den skarpaste kritikken mot høyringsutkastet kjem frå Institutt for biovitenskap (IBV) ved Universitetet i Oslo. I deira høyringssvar skriv dei at dyreforsøk alt er regulert av både nasjonalt og internasjonalt regelverk, gjennom lover og forskrifter, gjennom rettleiarar frå Mattilsynet, og dessutan i dei generelle forskningsetiske retningslinene frå NENT. «Forslaget til nye retningslinjer fremstår som vage og går heller ikke i dybden av de filosofiske aspektene rundt dyrs rettigheter», heiter det i IBV si fråsegn.
IBV meiner også at det er uheldig at omgrepet «dyr» i NENT sitt utkast er definert på ein annan måte enn i forskrifta, der lågare taksonomiske grupper – til dømes eincella dyr som tøffeldyr – ikkje er omfatta. IBV meiner at dette gjer det vanskeleg å forholda seg til utsegna i retningslinene som seier at dyr er sansande vesen med evne til å føla smerte. Instituttet stiller dessutan spørsmål ved at dei føreslegne retningslinene seier at negative resultat frå dyreforsøk som hovudregel bør publiserast og tilgjengeleggjerast for ålmenta. Det siste står i motstrid til høyringssvaret frå Rådet for dyreetikk. Rådet meiner at det er viktig å sikra transparens og å halda ålmenta informert. Dei legg til at det også er viktig at forskarar, før dei set i verk ny forsking, gjer grundig research på kva som allereie er gjort, dette for å unngå bruk av dyr og ressursar som ikkje er tarvande.
Oslo universitetssykehus uttrykker også uro for korleis retningsliner på området vert oppfatta, og for at tilhøvet mellom lovkrav og retningsliner kan verta uklårt. Fungerande forskningsdirektør ved sjukehuset, Lillian Kramer-Johansen, og avdelingsleiar Henrik Rasmussen ved avdeling for komparativ medisin, skriv i sitt høyringssvar også at sjukehuset er av den klåre oppfatning at dyreforsøk er naudsynt, og ikkje berre – som det heiter i utkastet - «kan være nødvendig».
Kven er involvert?
I sitt høyringssvar føreslår Universitetet i Bergen nokre konkretiseringar, blant anna meiner det medisinske fakultetet at det under punktet om dyrefagleg kompetanse bør leggjast til at forskningsinstitusjonar bør gje opplæring i dei mest aktuelle artane sin biologi. Frå Universitetet i Bergen er det dessutan kome eit høyringssvar frå Ketil Grong ved Klinisk institutt 2, som har sendt inn sitt svar på eigne vegne. Han syner til det same punktet om at forskarar og andre involverte skal ha god dyrefagleg kompetanse, noko han meiner opnar for tolkningsspørsmål. Skal dette kravet også gjelda for laboratorietilsette som berre handterer og analyserer prøver, spør Grong, som åtvarer om at uklåre retningslinjer og urimelege fortolkningar kan ha motsett effekt av den tiltenkte.
Forslaget til nye retningslinjer fremstår som vage og går heller ikke i dybden av de filosofiske aspektene rundt dyrs rettigheter.
Institutt for biovitenskap
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!