Trond Markestad, professor emeritus. Foto: Tor Farstad

Vil samla inn data om alle norske barn

Forsking. Trond Markestad er kanskje mest kjent som legen som oppdaga årsakene til krybbedød: Mageleie. Framleis er det barn professor emeritusen forskar på.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Barnelege Trond Markestad var ikkje nøgd med det elektroniske journalprogrammet som var tilgjengeleg. Han laga like greitt sitt eige.

— Me har hundre år med helsestasjondrift i Noreg, men ikkje noko system for å kunne bruka opplysningane. Nær alle barn i Noreg møter til kontroll på helsestasjonen, så dette er eit godt høve til å læra noko, seier Trond Markestad, til På Høyden.

Elektronisk helsejournal

Han er barnelege og professor emeritus ved UiB. Saman med representantar for Bergen kommune, særleg helsesøster Grethe Almenning, UiB og Høgskulen på Vestlandet har han utvikla Helseprofil 0-20.

Dette er ein elektronisk helsejournal som er organisert slik at ein skal kunne henta ut konkrete data om barna. Nyleg fekk Markestad og Almenning Kunnskapskommunen sin forskings- og innovasjonspris for arbeidet. Journalen er no i bruk i Bergen og fleire andre kommunar, og Markestad håpar det etter kvart vil verta ein nasjonal standard.

Å bruka data frå helsestasjonane er eit ekstremt godt høve til å få gratis kunnskap om norske barn

Trond Markestad

Sjølv var han i mange år professor ved UiB og overlege ved barneklinikken før han reiste heim til Toten. Som kommunelege tok han initiativ til å få kjøpt inn eit nytt journalsystem.

— Men det kunne ikkje brukast til noko som helst.

Då byrja arbeidet med Helseprofil 0-20.

Artikkel om amming

Markestad er oppteken av at gjennom å kartlegga tidleg vil ein òg tidleg kunne finna dei barna som treng ekstra hjelp. Journalen legg opp til at legar og helsesøstre som treffer barna og foreldra på helsestasjonen skal stilla konkrete spørsmål og vera innom konkrete tema.

— Så langt har me publisert ein vitskapeleg artikkel, der var det med helsesøster Maren-Kristin Halvorsen som førsteforfattar. For kvar gong foreldra møtte på helsestasjonen vart det stilt spørsmål om amming; fullamma ein, amma ein delvis eller hadde ein slutta. Og når hadde ein slutta. Så kunne ein vidare sjå på kor mange som amma på ulike tidspunkt, og seia noko om kva faktorar som kan vera avgjerande for om ein lukkast med amminga eller ikkje, forklarar Markestad.

Kopla med data frå Medisinsk fødselsregister vil ein òg kunne sjå om det er noko i svangerskapet som kan bety noko for seinare plager.

— Ein annan faktor ein kan sjå på er undervekt eller overvekt. Kva er grunnen til dette? Me opplever at kommunane er interesserte i å innføra denne helsejournalen fordi det er ei god kartlegging, som dei kan bruka mellom anna i folkehelsearbeidet, seier Markestad.

UiB er saman med mellom andre Høgskulen på Vestlandet, Folkehelseinstituttet og Bergen kommune ein del av Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest, som er eit samarbeid om forsking, innovasjon og utdanning i dei kommunale helse og omsorgstenestene.

Data frå 2010

Helsestasjonane får konkrete opplysningar og konkret statistikk frå alle barna som er innom i løpet av dei første leveåra. I motsetnad til undersøkingar der ein er invitert til å delta, får ein her data frå alle.

— Me veit jo at i til dømes MorBarn-undersøkinga er det gjerne slik at dei me burde vita noko om, ikkje svarar. Å bruka data frå helsestasjonane er eit ekstremt godt høve til å få gratis kunnskap om norske barn, seier Markestad.

Han understrekar at alle data som vert brukt i forsking sjølvsagt er anonymiserte. Dei første dataa er frå barn fødde i 2010, så dei har ein allereie kunna følgja heilt frå fødsel og inn i barneskulen.

— Då kan ein byrja å sjå viktige samanhengar, seier professoren.

REK Vest har no godkjent fleire nye forskingsprosjekt der helsestasjondata skal nyttast.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS