Om dei laust tilsette ikkje når fram i dei lokale lønnsforhandlingane denne gongen, vil dei gå ned i kjøpekraft. Og Oslo er ein dyr by å bu i, slår universitetsstyrerepresentant Sofie A.E. Høgestøl fast. Foto: Ola Sæther

Meiner laust tilsette må krevje lønnsauke i år

Alle dei mellombels, vitskaplege tilsette må koma med krav i dei lokale lønnsforhandlingane, oppfordrar avtrappande medlem i universitetsstyret, Sofie A.E. Høgestøl.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I lønnsoppgjeret for dei universitets- og høgskuletilsette blei ein større pott enn nokon gong tidlegare øyremerkt dei lokale lønnsforhandlingane i år. Det vil seia at folk som ikkje fremjar lokale lønnskrav, vil få langt mindre i lønnsauke enn det dei tidlegare fekk i sentrale tillegg. Derfor må alle UiO-tilsette på bana for å få sin skjerv av potten som går til dei lokale lønnsforhandlingane, skriv Uniforum.

Vil prioritera dei laust tilsette

Avtrappande universitetsstyrerepresentant og stipendiat Sofie A. E. Høgestøl peikar på at dei mellombels vitskaplege tilsette, som ho representerer, så å seia aldri har presentert krav til leiarane sine i samband med dei lokale lønnsforhandlingane.

– Grunnen er at mesteparten av lønnsauken har kome i dei sentrale forhandlingane. Årets lønnsoppgjer har endra synet på kvar arbeidstakaren skal få auka lønna mest. No vil langt meir av lønnsauken bli bestemt lokalt. Difor må dei mellombels vitskaplege tilsette for første gong leggja fram krava sine i dei lokale lønnsforhandlingane og leiarane deira må prioritera dei som gruppe, synest Sofie A.E. Høgestøl, som til dagleg er doktorstipendiat ved Norsk senter for menneskerettar.

Inntrykket mitt er at desse lokale lønnstillegga går til mannlege professorar frå 50 år og oppover.

Sofie.A.E.Høgestøl

– Mest til mannlege professorar over 50

Etter hennar oppfatning er det ei heilt anna gruppe som alltid har skaffa seg mesteparten av dei pengane som blir fordelte i dei lokale lønnsforhandlingane.

– Inntrykket mitt er at desse lokale lønnstillegga går til mannlege professorar frå 50 år og oppover, seier ho.  Difor oppmodar ho alle dei lokale leiarane til å ta eit ekstra tak for mellombelse vitskaplege tilsette som doktorstipendiatar og postdoktorar, men også for førstelektorar og universitetslektorar utan fast jobb ved UiO.

– Mange av dei er i etableringsfasen og har ekstra utgifter til både barn og hus. Om dei ikkje når fram i dei lokale lønnsforhandlingane denne gongen, vil dei gå ned i kjøpekraft. Og Oslo er ein dyr by å bu i, slår ho fast.

Ein annan ting som kompliserer biletet er den låge organisasjonsprosenten mellom dei mellombels, vitskaplege tilsette. Samtidig lokkar fagforeiningane i staten stipendiatane med at om dei blir medlemar hos dei, skal dei syta for at dei får lønnsauke. Sofie Høgestøl viser til ein artikkel i NRK.no der først Unio-leiar Ragnhild Lied lovar at mellom anna stipendiatane vil vera garanterte høgare lønn i dei sentrale forhandlingane, om dei blir medlemar, medan leiaren for Akademikarane, Knut Aarbakke viser til at dei som er organisert hos dei vil få meir å rutta med i dei lokale forhandlingane, og det kan koma både stipendiatar og andre grupper til gode, understrekar han.

– Vil fremja lønnskrav

– Mange av dei har ikkje noka fagforeining i ryggen. Heller ikkje eg er organisert, men det har hatt meir å gjera med vervet mitt som medlem i Universitetsstyret. Personleg vil eg fremja eit lønnskrav overfor min næraste leiar, som er direktør Inga Bostad ved Norsk senter for menneskerettar. Så vil eg be alle andre yngre forskarar i mellombelse stillingar om å gjera det same. Neste sjanse til å leggja fram krav i dei lokale lønnsforhandlingane, blir ikkje før om to år, peikar Sofie A.E. Høgestøl på.

Frå 31. juli overtar ho som leiar for stipendiatorganisasjonen UiODoc.

– Me har aldri kome med lokale lønnskrav før, men no har me sjansen. Derfor må me nytta oss av den, synest ho.

– Den lokale lønnspolitikken gjeld

Uniforum har tatt kontakt med personaldirektør Irene Sandlie som leier dei lokale lønnsforhandlingane på vegner av Universitetet i Oslo. For tida er ho på ferie på fjellet, så ho har berre tid til å koma med ein kort kommentar:

– Eg har dessverre ikkje høve til å gå djupt inn i desse spørsmåla no - anna enn å seia på generelt grunnlag at det er den  lokale lønnspolitikken vår som gjeld for lokale lønnsforhandlingar, understrekar Irene Sandlie.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS