Telefonen har ikkje stått sidan aksjonen starta, og journalistane står i kø for å intervjue Camilla Ahamath. Ho håper at engasjementet for ein betre dialog blir varig. Foto: Dag Hellesund

Har samla inn over 16 millionar i løpet av helgen

Regjeringskrise. Camilla Ahamath på Universitetsmuseet i Bergen har samla inn 16,7 millionar kroner til Leger utan grenser i ein motaksjon mot blomane til nyleg avgått justisminister Sylvi Listhaug.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fredag kveld kom Ahamath, som til dagleg er webredaktør på Universitetsmuseet ved UiB, og trønderen Sjur K. Almskår på at dei kunne starte ein innsamlingsaksjon som eit motsvar til nokre av haldningane som låg bak dei mange blomane justisminister Sylvi Listhaug fekk tilsendt, skriv På Høyden.

Timing og knallhard jobbing

Ahamath sette 100.000 kroner til Leger utan grenser som mål. Då ho vakna laurdag morgon var det kome inn 140.000 kroner, og Ahamath forsto at ho hadde treft noko.

— Dette skuldast god timing, og mykje jobbing i sosiale medium, seier ho.

I løpet av helga har ho laga 200 postar på facebook, spelt inn fire videoar, og passa på å sleppe nye meldingar med passeleg mellomrom.

— Eg har jobba beinhardt, og likt alle postar og delingar. Og så har eg svart på alle meldingar på SMS, messenger og twitter, og følgd kommentarane vidare opp, fortel ho.

Målet blei endra til 15 millionar og tirsdag morgen er beløpet over 16 millionar kroner. Ahamath opplyste til NRK mandag at ho stengar insnamling tirsdag klokken 10.00 når Stortinget startar sin debatt om Sylvi Listhaug og eventuell mistillit.

Kari K. Årrestad og kollegaene har gitt ein pengeblome som ikkje visnar til Camilla Ahamath, etter ei helg med givarglede ho aldri hadde drøymd om. Foto: Dag Hellesund

Let seg ikkje stoppe

Undervegs har ho òg justert kursen, frå å vere eit motsvar til blomane til Listhaug, til å vere ei rørsle mot rasisme og nazisme, og for ein god og sakleg debatt, slik at fleire tek del og byggjer ei framtid utan blokkdanning.

— Eg har vore personleg, og snudd aksjonen slik at det ikkje berre skal handle om Listhaug-saka, seier Ahamath.

Og ho har fått ein heilt eventyrleg respons: Så langt har meir enn 80.000 personar støtta aksjonen.

Til samanlikning fekk Noas, Norsk organisasjon for asylsøkere, inn 2,6 millionar kroner då Kristoffer Joner fronta ein kampanje for dei, som og var basert på motstand mot Sylvi Listhaug.

Plastkval og innbrot

Den tidlegare journalisten i Bergens Tidende og NRK Hordaland er ikkje uerfaren med sosiale medium, sjølv om ho til vanleg er ei trebarnsmor frå Laksevåg, som ifølge seg sjølv «hatar merksemd».

Ho bruker kunnskapen om sosiale medium svært medvite i jobben sin for museet.

— Vi byrja så vidt å plaske i dammen med plastkvalen, men der kom vi litt seint i gang, fortel ho.

Men då Universitetsmuseet blei utsett for innbrot, og kring 400 vikinggjenstandar blei stolne, drog ho til for fullt.

I utgangspunktet var saka vanskeleg for museet: Det var ikkje alarm der skattane låg, og Nokas gjorde ein tabbe då dei ikkje undersøkte ein alarm i stillaset utanfor grundig nok. Den manglande sikringa skuldast kanskje mest omfattande byråkrati, at ingen tok ansvar for å sikre samlingane, og mangel på kultur og kunnskap kring sikring av denne typen.

Felles kulturarv

Men Ahamath lot ikkje dét stoppe seg.

— Vi måtte få folk til å forstå at det var vår felles kulturarv vi hadde mista. Og så måtte vi berre køyre på med opplysningar om gjenstandane som var stolne, og kva som skjedde i saka, fortel ho.

I starten var det mange på universitetet som ikkje heilt såg nytten av facebook-kampanjen.

— Det er litt uvanleg for store institusjonar å lage slike kampanjar. I sosiale medium er det openheit og dialog som gjeld. Og jo fleire som blei merksame på at dette var tjuvegods, jo mindre salgbart ville det bli, fortel Ahamath.

Melde seg med dårleg samvit

I museumsmiljøet har det ikkje alltid vore så populært å vere opne, særleg når det dreiar seg om tryggleik. Ahamath meiner at vi uansett ikkje har noko val:

— Vi må aldri gløyme at vi som tilsette i staten skal gjere ein jobb for folket. Då er det vår jobb å vere opne om det vi driv med.

Beviset på at den opne strategien var rett fekk ein i oktober 2017. Då melde ein gjengangar i Bergen seg, og tilsto tjuveriet.

Han hadde så dårleg samvit for tjuveriet, at han melde seg på politistasjonen i sentrum, heilt i tråd med kva facebook-kampanjen hadde bygd opp under.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS