Debatt: Skal landet gro att?

Seniorane på HiOA inviterar til debatt om landbruk og kulturlandskap.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Skal landet gro att? Korleis berge norsk landbruk, er ei bok som kom ut tidlegare i år. Forfattar er Siri Helle (biletet) , agronom og journalist i Dag og Tid.

Tysdag 17.november held ho innleiing på eit seminar på Høgskolen i Oslo og Akershus, nærmare bestemt i auditorium Athene i Pilestredet 436, kl 14-16.

Arrangørane, som er Seniorsenteret ved HiOA, har også invitert Gunn Jorunn Sørum, leiar i Norges Bygdeungdomslag, Marion Godager Tveter (Miljøpartiet De Grønne - Oslo) og Jan Johnsen, førsteamanuensis ved kompetansesenteret for seniorar ved HiOA til å kommentere innlegget. 

Ifølgje ei pressemelding meiner forfattar og journalist Helle at norsk landbrukspolitikk går i feil retning, men at det framleis er mogleg å snu.

(Foto: Marit Brennset, Samlaget)

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS