Elaine Munthe, dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved UiS, skal leie Kunnskapssenteret for utdanning. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Kunnskapssenter flytta frå Oslo til Stavanger

Utflytting. Kunnskapssenteret for utdanning, som har som oppgåve å auke kvaliteten i utdanningssektoren, har starta opp ved Universitetet i Stavanger.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Senteret var tidlegare ei avdeling i Norges forskningsråd i Oslo, men Kunnskapsdepartementet bestemte i august 2018 at det skulle flyttast ut av Oslo, som følgje av ein politisk avtale.

UiS har eit sterkt miljø for utdanningsforsking og høge ambisjonar for Kunnskapssenteret.

Iselin Nybø

Både Universitetet i Agder, NTNU, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Stavanger (UiS) vart inviterte til å søke om å bli ny vertsinstitusjon for senteret.

FAKTA

Kunnskapssenter for utdanning

Hovudformålet med Kunnskapssenter for utdanning er å:

  • Samanstille og formidle nasjonal og internasjonal forsking på utdanningsområdet.
  • Arbeide systematisk med å vidareutvikle sjangeren "kunnskapsoversikter".
  • Bidra til auka kompetanse på samanstilling og oppsummering av forskingsresultat i samarbeid med norske og internasjonale forskarar på feltet.
  • Frå 2013 – 2019 var senteret lokalisert i Norges Forskningsråd, under leiing av professor Sølvi Lillejord.
  • Frå september 2019 er senteret lokalisert ved Universitetet i Stavanger. Senteret har ca. 6 årsverk i 2019.

Valet landa til slutt på UiS og senteret starta opp 1. september, ifølgje ei pressemelding.

Elaine Munthe, som er dekan ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora ved UiS, skal leie kunnskapssenteret.

— Vi er stolte av å ha fått senteret hit. UiS er sterk på utdanningsforsking. Vi har allereie tre anerkjente senter som driv med forsking innan barnehage og skule. Dei vil vere viktige ressursar og partnarar for oss, seier Munthe, som i ei periode vil sjonglere jobbane som dekan og leiar for senteret.

Kunnskapssenteret skal samarbeide med forskarar og kunnskapssenter nasjonalt og internasjonalt, få på plass kunnskapsoversikter for utdanningssektoren, skape møteplassar for utdanningsforsking og arrangere årlege ph.d-kurs.

Munthe håper senteret kan bidra med kunnskapsgrunnlag av høg kvalitet for betre politikkutforming og praksis.

Høge ambisjonar

— Kunnskapssenteret har ei viktig oppgåve. Det skal bidra til kunnskapsbasert politikkutforming og utvikling av praksis i heile vår sektor. Eg ynskjer senteret lykke til i sin nye vertsinstitusjon i Stavanger, seier kunnskaps- og integreringsminster Jan Tore Sanner (H), ifølgje ei pressemelding.

Kunnskapssenteret vert no plassert i eit universitetsmiljø. Universitetet i Stavanger har lang erfaring med utdanningsforsking og med det ligg forholda godt til rette for å vidareutvikle senteret, meiner forskings- og høgare utdanningsmininster Iselin Nybø (V).

— UiS har eit sterkt miljø for utdanningsforsking fra før, og høge ambisjonar for Kunnskapssenteret, seier Nybø (V).

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS