sommar i khrono
Krev opprydding i autorisasjonar for dei som har studert i utlandet
ANSA-president Sine Schei håpar det vert enklare å koma raskt i arbeid etter å ha studert i utlandet.

— Kva er det viktigaste du har gjort dette studieåret?
— Det viktigaste var å jobba for å betra dei økonomiske vilkåra for utanlandsstudentane, og eg håpar det vert endå meir synleg når statsbudsjettet for neste år vert lagt fram.
— Elles har det vore veldig fint å få leia ANSA i denne perioden der vi har bevega oss tilbake til normalen etter pandemien, og det har vore ein enorm aktivitetsauke i lokallaga våre ute i heile verda.
— Kva er dei største utfordringane på arbeidsplassen din neste studieår?
— Vi ser dessverre framleis at mange som har teke profesjonsutdanning i utlandet slit med både turnusplassar og autorisasjon når dei kjem tilbake til Noreg. Eg håpar difor verkeleg at dette blir ordna opp i, slik at dei som vel å koma tilbake til Noreg med viktig internasjonal kompetanse, raskt får koma ut i arbeidslivet og bruke utdanninga si slik dei ynskjer. Elles trur eg hele studentrørsla må stå sterkt saman for å sikra betre økonomiske vilkår for studentane.
— Kor mykje er du på heimekontor no etter pandemien?
— Det er veldig sjeldan! Det er ikkje så mange dagar der det passar å sitja heime. Og så synest eg rett og slett at det er veldig hyggeleg å dra på kontoret og møte kollegaene mine, og eg føretrekkjer alltid fysiske møte framfor dei digitale.
— Kva var det første du ville ha gjort om du var forskings- og høgare utdanningsminister for ein dag?
— Eg ville ha auka studiestøtta! Det er så viktig for å sikra at studentar får høve til å fokusera på utdanninga si, og at alle skal ha fridom til å velja kvar og kva dei vil studera. Lik rett til utdanning inneber at studentar må sikrast økonomiske rammevilkår som gjer det mogleg å gjennomføre eit studium i utlandet utan eigenfinansiering.
— Kva skal du gjera sommar?
— Neste veke vert det ein ferietur heim til Sandnes. Etter det vert det litt jobbing fram til generalforsamlinga vår siste helga i juli. I slutten av august flytter eg til Sveits for å halda fram studiane, så eg gler meg veldig til å bli utanlandsstudent igjen!
— Kva bør Khrono verte betre til?
— Eg synest det er veldig viktig at de tek kontakt med studentar i dei sakene som også gjeld oss. Vi har stort sett alltid lyst å uttala oss, og eg meiner at kvaliteten på sakene aukar betrakteleg dersom studentstemmene også er med.
Nyeste artikler
Vi skal ikke ta pengene dine, Stølen!
Og bare fagskoleutdanning er fagskoleutdanning
Vedtak i Stortinget utgjør en alvorlig fare for kunstfeltet
Sendte ut opplysninger om studenter til feil person tre ganger på tre uker
Måtte gjemme seg i kjelleren til Thomas Jefferson under doktorgradsarbeidet
Mest lest
Rapport: Nord universitet skulle aldri godkjent turen som endte med dødsfall
Opprykk tilbake til start
Trekker flere studier fra høstens opptak
Opprykksaka: Nektar å opplyse kven som stod bak anonymt notat
En av fem søkere får ikke lenger støtte til utenlandsopphold: — Trodde slikt bare skjer i USA