200 år sidan diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje blei fødd.
200 år sidan diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje blei fødd.

Forskar-dugnad for Aasmund Olavsson Vinje

Jubileum. Universitetet i Søraust-Noreg feirar Aasmund Olavson Vinje.

Publisert

Aasmund Olavsson Vinje blei fødd 6. april 1818 og han døydde i 1870.

I år er det 200 år sidan diktaren kom til verda i Vinje-grend i Telemark.

Universitetet i Søraust-Noreg markerer jubileet med ein konferanse på studiestad Bø torsdag 29.–fredag 30. november 2018.

Ifølgje heimsidene til USN er Vinje større enn alle etablerte disiplinar. Derfor inviterer dei til ei brei mønstring av forskingsbidrag om Vinje, om mannen og verket, i samtid og ettertid. Og fiviljuge kan melde seg på til å helde foredrag i ein «Vinje-dugnad».

Som aldri før treng vi tvisynet hans til å skape rørsle i dei fastfrosne meiningane vi held oss med.
Arrangørane av jubileumskonferanse for Aasmund Olavsson Vinje
Universitetet i Søraust-Noreg

Om Vinje

Fleire av Vinjes songar og dikt er allemannseige, hans Ferdaminni fraa Sumaren 1860 er ein klassikar i norsk litteraturhistorie, og språkhistorisk er han ein pioner i utviklinga av det nye landsmålet. I akademiske krinsar har ein i stigande grad fått augo opp for den dristige og innhaldsrike prosaen hans.

«Som aldri før treng vi tvisynet hans til å skape rørsle i dei fastfrosne meiningane vi held oss med»., skriv arrangørane

Forfattarskapen er fleire gonger samla i større verkutgåver, men aldri komplett. Fleire hundre artiklar har aldri vorte trykte oppatt sidan dei stod i avisa fyrste gongen. No i jubileumsåret vil desse bli tilgjengelege. Dei som vil studere Vinjes essayistiske journalistikk, får her tilgang til eit stort materiale. Forskarane har også fått ei anna skattkiste, nemleg den nye Vinje-bibliografien til Ottar Grepstad. Den inneheld 444 tettpakka sider med informasjon om alt som er skrive av og om Vinje. Det er nok å ta tak i.

Mål for konferansen

Arrangørane ønskjer at konferansen kan stimulere til auka forskingsinteresse for Vinje, og alle som vil bidra med eit eige innlegg på inntil 20 minutt, er velkomne til å sende framlegg om dette.

De er ønske om foredrag og sesjonar om til dømes Vinje som lyrikar, som forteljar, som målmann, som journalist, pressemann og kritikar, som essayist, retorikar, sosiolog, filosof. Vinje kan knytast til så mykje, til musikken, politikken, turismen. Det blir også arbeidd for å få til ei bok i 2019 med innlegg frå konferansen.

Gode kollegaer, det er opp til dykk å finne ferdavegar i Vinjes landskap, oppmodar arrangørane.

Les meir om konferansen her.

Forelesarar så langt:

Desse har alt meldt frå om at dei vil delta med innlegg på konferansen: Hadle Ofte Andersen, Merete Morken Andersen, Norunn Askeland, Herleik Baklid, Liv Bliksrud, Anne Beate Mortensen Buan, Gudleiv Bø, Amund Børdahl, Mads Breckan Claudi, Ståle Dingstad, Peter Fjågesund, Ottar Grepstad, Geir Grimeland, Erik Bjerck Hagen, Jens Morten Hanssen, Kristian Ihle Hanto, André Horgen, Jens Johan Hyvik, Jon Haarberg, Per Johan Moe, Klaus Johan Myrvoll, Eva Maagerø, Sveinung Nordstoga, Kristian Lødemel Sandberg, Thomas Seiler, Olav Solberg, Ronny Spaans, Johan Magnus Staxrud, Evy Beate Stykket, Bjørn Tordsson, Inga H. Undheim, Olav Vesaas, Aslaug Veum, Kai Østberg, Bente Aamotsbakken og Arnfinn Åslund.