God førjulstid med Khrono:

Kanskje ligg det ein robot under treet? Universiteslektor Klara Sjo ønskjer seg ein som kan svara på epost. Foto: Privat

Klara Sjo: Fagspråkdebatten handlar ikkje berre om humaniora

Adventselfie. Universitetslektor Klara Sjo har ei lang liste klar dersom ministeren skulle koma på overraskande julevisitt. Lærebøker på norsk er eit av temaa.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta

Juleselfie: Klara Sjo

Stilling/studie: Universitetslektor ved Norges handelshøyskole, arbeider med norsk på Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon

Alder: 44

Fødestad: Bergen

Bustad: Bergen

Kva er ditt beste klimatiltak i år?

Eg har reist mindre med fly, men det er vel mindre eit klimatiltak enn at eg har vilja reise mindre.

Kva ville du ha brukt ein robot til, dersom du fekk ein?

Husarbeid! Og til å svare på epostar.

Dersom du kunne valt karriere heilt på nytt, kva ville du ha valt?

Musikar, dirigent og komponist var ein av draumane då eg var yngre. Heldigvis er det noko eg kan ha som hobby.

Kva er du mest nøgd med å ha oppnådd i året som har gått?

Eg har ikkje heilt gjort opp status enno, for akkurat no er eg mest nøgd med å ha overlevd eit veldig hektisk semester.

Kva er ditt flauaste minne frå studietida?

Då eg sovna på forelesinga i Romersk epigrafikk. Vi var 3 studentar.

Du får Iselin Nybø på overraskande julebesøk. Kva ville du ha snakka med henne om?

Så mange ting! (Stakkars Iselin!)

Jobben for å utvikle og halde på eit godt norsk fagspråk, og kor viktig det er med norskspråklege lærebøker i høgare sektor, og då må ein satse på å utvikle lærebøker på norsk, og ikkje la det vere eit fritidsprosjekt (ref innlegg i Aftenposten)

Og korleis vi kan integrere dei utanlandske tilsette som det blir fleire og fleire av i akademia.

Og kva vi skal gjere for å få ned talet på mellombels tilsette.

Bør me ha fleire eller færre universitet om 10 år?

Som ei som har gått frå universitet til høgskule, trur eg at kvaliteten på det ein leverer det viktigaste. Eg trur ikkje det er til korkje til beste for studentar eller landet at vi berre har store universitet, eg trur vi treng begge delar, både gode breddeuniversitet og høgskular som er gode på einskilde ting.

Kva tenkjer du bør vera dei viktigaste debattane i akademia dei neste åra?

Personleg vil eg gjerne at diskusjonen om behovet for norsk fagspråk ikkje berre blir ein humaniora-debatt. For det er i realfaga, ingeniør- og økonomifaga faren for domenetap er størst.

I kva grad er det ytringsmot på norske universitet og høgskular?

Eg trur det er noko ein i ganske stor grad har, men ikkje alltid vel å nytte seg av. Å engasjere seg i debatten er viktig, men eg trur kanskje vi er redde for at det lett kan bli for travelt, og gå ut over ein allereie pressa arbeidskvardag.

Kva gler du deg mest til i jula?

Ikkje rette studentoppgåver? Slappe av, lese, spele spel og vere med kjekke folk.

(Intervjuet er gjennomført på e-post.)

Powered by Labrador CMS