til minne
Kjell Magnar Eide Helland (1960 — 2024)
Det var med sjokk vi tysdag 5. mars fekk melding om at Kjell Magnar Eide Helland døydde uventa i heimen sin, nær 64 år gamal. Ein kjær og god kollega har gått bort så altfor brått og så altfor tidleg. Tapet er ufatteleg og ubeskriveleg, tomrommet etter han kan ingen fylle.
Kjell Magnar har ei lang og mangesidig historie i høgskulen. Med sin allsidige bakgrunn, med kunnskap, kløkt og fleksible innstilling har han fylt ulike roller og hatt ein finger med i svært mange funksjonar og prosessar.
Kjell Magnar var utdanna lærar og har erfaring frå grunnskulen, frå oppfølgingstenesta, og frå arbeid innan bygg og anlegg før den tid. Kombinert med erfaring frå politisk arbeid og tallause verv i lag og organisasjonar, og ei aktiv fritid, har Kjell Magnar vore ein særs konstruktiv og allsidig bidragsytar i høgskulen.
Han blei tilsett ved Høgskulen Stord/Haugesund i 2004 som rådgjevar for studieadministrative tenester på Stord. Frå 2012 var Kjell Magnar koordinator for prosjektet Ny lærarutdanning og frå 2014 til 2016 var han studiesjef med ansvar både på Stord og Haugesund. I tidsrommet 2016—2018 hadde han stillinga som studieleiar med ansvar for mellom anna masterutdanningane og praktisk-pedagogisk utdanning.
Ved Høgskulen på Vestlandet har han vore tilsett som seniorrådgivar i administrasjonssjefen sin stab i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Her har han vore ein nøkkelperson og ressurs i viktige, komplekse saker av ulik karakter. Det vere seg innanfor utdanningsfeltet, innanfor forskingsfeltet eller andre oppgåver som skal løysast innanfor eit nytt fakultet i utviklingsfase. Kjell Magnar var til dømes ei stødig kraft i å koordinere arbeidet med utvikling og oppstart av samlingsbasert grunnskulelærarutdanning.
Å grave fram historikk og kombinere med statistikk var Kjell Magnar sin suverene metodikk. Som den energiske og lærevillige personen han var, klarte han og i ein travel arbeidskvardag å smette inn tid til fagleg utvikling. Han fullførte Master i IKT i læring i det han sjølv omtalte som «godt vaksen alder», og no seinast ved å delta på kurs om kunstig intelligens. Kjell Magnar var konstant utviklingsorientert og alltid godt førebudd i saker og tema han jobba med. Saman med si breie erfaring gjorde dette at han ofte såg samanhengar og løysingar lenge før oss andre.
Kjell Magnar hadde alltid studentperspektivet med seg, hadde stor sut for at nye studentar skulle trivast, og har i fleire år hatt ansvar for overordna koordinering av studiestarten på Stord. Han var opptatt av at campus Stord skulle vera ein interessant arbeidsplass, ein god studiestad og utvikling av campusen engasjerte.
Tilsette og studentar vil sårt sakne den entusiastiske, inspirerande og omtenksame Kjell Magnar. Hans inkluderande måte å vere på førte til eit stort nettverk på tvers av alle campusane våre. Mange hadde eit godt forhold til Kjell Magnar på tvers av fakultet, avdeling og campus. Med sin fine humor og kjappe replikk fekk han folk til å føle seg velkommen og trygg i alle samanhengar. Hans bidrag til eit godt arbeidsmiljø har vore uvurderleg. Frå dei små daglege drøsande over ein kopp kaffi til å arrangere dei store festane sommar som jul, gjerne med eige musikalsk innslag.
Kjell Magnar var ein svært sprek kar, aktiv innan ski, springing og sykkel. Han skulle stått på startstreken i Birken fyrstkommande laurdag, og planar var lagt for eit aktivt pensjonisttilvære om ikkje så altfor mange år.
Familien var alt for Kjell Magnar, det å ha dei nær seg var hans beste stunder. Dei siste åra var han og ein spesielt stolt og aktiv bestefar.
Våre tankar går til hans nære familie i denne tunge tida. Fred over Kjell Magnar sitt minne.
Sigurd Sandvold, på vegner av kollegaer, studentar og gode venner ved Høgskulen på Vestlandet