Dette er Khrono-redaksjonen, f.v. Ragnhild Bjørge, Eva Tønnessen, Ragnhild Vartdal og Mats Arnesen. På skjermen ser vi redaksjonen i Bergen, f.v. Amanda Schei, Hilde Kristin Strand, Jan Willie Olsen, Joar Hystad og Øystein Fimland. På skjermen ser vi også Njord Svendsen og Espen Løkeland-Stai, sistnemnde på Khronos Brusselkontor. Ytst på biletet ser vi Torkjell Trædal, Hege Larsen og Tove Lie. Foto: Sjølvutløysar Torkjell Trædal

Khrono runda 5 mill. sidevisningar

Rekord. I dag sprett det champagnekorkar i alle redaksjonslokala til Khrono. Avisa har nådd 5 millionar sidevisningar så langt i år.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Khronos tre redaksjonar i Brussel, Bergen og Oslo hadde felles digital feiring i dag etter at talet på sidevisningar viste ny rekord. Styret i Khrono hadde på førehand sett 5 millionar sidevisningar som eit mål å strekke seg etter før året er omme. Og målet blei nådd på morgonen, 19. desember. Dette er nær 60 prosent auke frå same periode i fjor.

— Dette var ei strålande julegåve. Tidlegare i år trudde eg ikkje at vi skulle klare det, men det har vore ein heilt fantastisk haust i avisa, seier redaktør Tove Lie.

I skrivande stund har Khrono 5 010 300 sidevisningar.

Khrono vart oppretta i 2013 og var frå start ei lokalavis for Høgskulen i Oslo og Akershus. I 2019 gjekk i tillegg til OsloMet, ni universitet og ein høgskule inn med finansiering og Khrono vart med det ei nasjonal kunnskapsavis med redaksjonar i både Oslo, Bergen og Brussel.

— Det er klart at det er auka økonomiske rammer og felles satsing på avisa frå fleire universitet og høgskule som no gir resultat. Khrono er eit lite medieeventyr, og vi er berre såvidt i gang med å bygge kunnskapsavisa for heile Noreg, seier Lie.

Dei som finansierer Khrono er OsloMet og Universitetet i Bergen som er dei to største, i tillegg til UiT Norges arktiske universitet, Universitetet i Agder, NTNU, Nord universitet, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Sørøst-Norge, Universitetet i Oslo og Høgskulen på Vestlandet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS