Khrono i ny «bunad»
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Khrono har endra utsjånad dei siste dagane, som sikkert nokon har sett. Velkomne til Khrono 2.0.
— Vi har sett heilt lik ut sidan vi lanserte avisa og synest det var på tide med noko nytt etter snart sju år, seier redaktør Tove Lie.
— Tanken bak er at vi skal vere enno tydelegare og enklare å lese - i tillegg til litt finare å sjå på, legg ho til.
Den svenske designeren Jacob Nordström står bak den nye ansiktsløftinga og utviklarar i PublishLab har også spelt ei viktig rolle for å få alt til å stemme i LabradorCMS
— Dette kjennes veldig bra, så langt - no skal vi berre jobba litt ekstra nokre dagar for å få nye Khrono til å sette seg, seier redaktøren.
(Eva Tønnessen / Khrono)