Kortnytt
Kan verta årets bibliotek
Universitetesbiblioteket i Stavanger er i finalen om å verta årets bibliotek. Det kjem fram i ei pressemelding frå Norsk bibliotekforening.

Frå å ha fått inn forslag på 52 bibliotek, er det no fem i finalen: Deichman Bjørvika, Oslo, Haugesund folkebibliotek, Meieriet bibliotek, Vestvågøy, Tromsdalen bibliotek, Tromsø og Universitetsbiblioteket i Stavanger.
Juryleiar Vidar Lund seier at dei fem utmerkar seg på ulike måtar. Universitetsbiblioteket i Stavanger utmerkar seg ved å legga godt til rette for studentane.
Prisen skal delast ut under eit digitalt arrangement 12.januar.
(Hilde Kristin Strand / Khrono)