Ei ordning der ein offentleggjer namnet på dei som har blitt kontakta og som seier seg interesserte i stillinga, kan vera ei løysing, meiner generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum. Foto: presse.no

Hemmelege søkjarar eit problem

Pressetopp ut mot hemmeleghald.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er mange som brukar mykje energi på å unngå Offentleglova, seier generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum.

I fjor bestemte innstillingsutvalet for dommarar at søkjarlista til to dommarstillingar i Høgsterett ikkje skulle vera offentlege. Argument: Det var vanskeleg å få søkjarar dersom dei måtte stå på ei offentleg liste.

Med andre ord: Same argument som mellom andre Universitetet i Bergen brukar, skriv avisa På Høyden.

– Det skal vera innsyn i offentlege søkjarlister, slik at me alle kan forsikra oss om at det beste søkjaren har fått jobben og at tilsetjing ikkje skjer etter andre kriterium som ikkje tåler dagens lys.

Det seier Kjersti Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Det er mange som brukar mykje energi på å unngå
Offentleglova.

Kjersti Løken Stavrum

– Trengs grundig diskusjon

I går skreiv På Høyden om søkjarlista til stillinga som direktør for forskingsadministrativ avdeling ved Unviersitetet i Bergen. Personen som er innstilt, har ikkje hatt namnet på verken den offentlege eller den utvida søkjarlista, men har kome inn frå sidelinja gjennom hovudjegerfirmaet Delphi Consulting AS. -

- Det er vanskeleg å få søkjarar dersom dei må stå på ei offentleg søkjarliste, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Les også: Vil tilsette ukjend direktør i Bergen

Stavrum seier at ein ser stadig fleire døme som dette.

– Det er mange som brukar mykje energi på å unngå Offentleglova. Ein ser det same i mediebransjen òg, i nokre tilfelle kjem søknadsfrist og tilsetjing nærast i same andedrag. Situasjonen er eit stort problem. At til og med Høgsterett aksepterer hemmelege søkjarar er det siste beviset på det. Det trengs ein grundig diskusjon, seier Stavrum.

Ho seier at slik systemet er i dag, får ein ikkje vita kven som er aktuelle for dei viktige jobbane.

Vil offentleggjera dei aktuelle

– Dagens system tek ikkje inn over seg at mange er spurt om dei er interesserte i ei stilling. Eg skulle ønskja at me kom dit at me kunne offentleggjera kven som er aktuelle for ein jobb, seier pressegeneralen.

– Kva tenkjer du om bruken av hovudjegerar?

– Å rekruttera er den største investeringa ei verksemd gjer, og best mogleg rekrutteringsarbeid er ei god forvaltning av midlar. Eg trur ikkje løysinga er å ikkje bruka bemanningsbyrå, men at ein får innsyn i meir enn ein gjer i dag.

Stavrum seier at mange søkjarar ikkje ønskjer at sjefen skal få vita at ein kanskje er på veg vekk frå den jobben ein har og at dei ikkje ser seg som aktive søkjarar.

Ho meiner at ei ordning der ein offentleggjorde namnet på dei som har blitt kontakta og som seier seg interesserte i stillinga, kan vera ei løysing – og at ein ikkje kallar det søkjarliste.

– Ei slik ordning ville tatt inn over seg korleis ei attraktiv tilsetjing skjer i dag, seier ho.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS