Rasisme

«Jeg leier ikke ut til afrikanske gutter» fekk Amanuel (19) til svar frå hybel­utleigar

Studenten ved Høgskulen i Østfold vart avvist fordi han skreiv han var frå ein etiopisk familie.

Amanuel Meselu (19) skal flytte til Halden for å studere statsvitskap ved Høgskulen i Østfold.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Som fleire andre, skal Amanuel Meselu (19) flytte ut for første gong til ein ny by for å studere denne hausten.

Meselu, som er frå Ås, kom inn på statsvitskap ved Høgskulen i Østfold i Halden, og har byrja å leite etter bopel der.

Etter å ha leita etter hybel på Finn, fann han ein som verka interessant og sendte melding til utleigar.

Utleigar bad han om å fortelje meir om seg sjølv, familie og kor han kom frå, skriv Framtida, som først skreiv om saka.

— Sjokkert

Meselu svarte at han var frå Ås, var frå ein etiopisk familie og hadde ein storebror og søster som også studerte. Han skreiv også at han er ein roleg type, men sosial.

Svaret som tikka inn tirsdag denne veka, var dette:

«Beklager, jeg leier ikke lenger ut til afrikanske gutter», svarte utleigaren i Halden.

Skjermdump frå samtalen på Finn med utleigaren frå Halden.

— Eg vart sjokkert over det ho skreiv. Eg har jo opplevd rasisme før, men aldri så direkte. Det var nytt for meg, seier Meselu til Khrono.

Meselu hadde ikkje tenkt å lage noko stort nummer ut av det, men tok nokre bilete av samtalen og sendte den vidare til familie og vener.

— Mange berre blokkerer ut den typen negativitet og orkar berre ikkje reagere når ein opplever slik rasisme, seier Meselu.

Men så tok storebror Daniel grep.

Den første meldinga storebror Daniel Meselu sendte til utleigaren.
Det vart sendte fleire meldingar mellom storebror Daniel og utleigar. Dette er eitt av svara han fekk.

«Tar ikke sjansen på et år til i helvette»

Han sendte ei lengre melding til utleigaren, fortalte at det ho hadde skrive ikkje var greit og viste blant anna til diskrimineringslova.

Utleigar gav seg ikkje, og etter ei lengre meldingsutveksling enda samtalen med at utleigar svarte:

«Nå må du slutte. Jeg snakker utfra bitter erfaring og tar ikke sjansen på et år til i helvette».

— Broren min skulle berre fortelje utleigaren at ho ikkje har lov til å diskriminere på den måten basert på etnisitet. Etter dei hadde snakka saman ei stund, innsåg ho framleis ikkje at det ho hadde sagt var feil, seier Meselu.

Bestemte seg for å dele historia

Difor bestemte brørne seg først for å dele samtalen på Instagram, deretter fortelje historia til media.

— Eg vil berre at så mange som mogleg skal få sjå at det faktisk framleis er rasisme der ute, at ikkje alle får dei same moglegheitene på grunn av etnisitet, at dette er greit og heller ikkje lov. Det er den bodskapen eg vil spreie, seier Meselu.

Framtida, som først skreiv om saka, har vore i kontakt med den aktuelle utleigaren, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

— Kvifor skreiv du at du var frå ein etiopisk familie? Var det slik at du følte at du måtte gjere det?

Eg tenkte at det var fint å vite om meg som person, men trudde aldri i verda at det skulle endre sjansane mine for å kunne få bu der, seier Meselu.

— Svært beklageleg

Rektor ved Høgskulen i Østfold, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen, synst det er trist å sjå koreleis den ferske studenten har blitt behandla.

Han fortel at dei vart gjort merksame på saka etter at historia stod på trykk i Halden Arbeiderblad.

Rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen tek sterk avstand frå det Meselu har opplevd.

— Vi synst det er svært beklageleg at ein av våre studentar har hatt ei slik oppleving i møte med utleigemarknaden, skriv Jelsness-Jørgensen i ein SMS til Khrono.

Rektoren seier at studiemiljøet ved Høgskulen i Østfold er og skal vere mangfaldig, eit mangfald som også gir viktige impulsar til studiestadane.

— Vi tek difor sterk avstand frå det denne studenten har opplevd. For oss er kunnskap, respekt og fellesskap uavhengig av kjønn, tru, legning eller kulturell bakgrunn heilt sentrale verdiar og drivkrefter, skriv rektoren.

Fekk tilbod om hybel på telefon

Meselu har fått mange positive tilbakemeldingar sidan han valte å dele historia si og fleire medium har skrive om den.

— Mange sender meg meldingar og seier dei er med meg i kampen mot rasisme. Nokon ringte meg til og med og tilbaud meg hybel i Halden, seier Meselu.

Det vart ikkje med akkurat den hybelen, men Meselu fortel at det har ordna seg med ein annan, og at han trur han snart skal flytte inn.

Powered by Labrador CMS