Linda Åhäll kunne ha tenkt seg å søke på førsteamanuensis-stillinga i internasjonale relasjonar, men kom raskt på andre tankar då ho såg UiO sin definisjon av fagfeltet. Foto: Skjermdump/privat
Linda Åhäll kunne ha tenkt seg å søke på førsteamanuensis-stillinga i internasjonale relasjonar, men kom raskt på andre tankar då ho såg UiO sin definisjon av fagfeltet. Foto: Skjermdump/privat

Stillingsutlysing ved UiO skaper Twitter-storm

Utlysing. Fleire internasjonale forskarar i internasjonale relasjonar reagerer kraftig på ei stillingsutlysing ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo. — Tradisjonell, gammaldags og ekskluderande, seier forskar Linda Åhäll.

Publisert

Ei stillingsutlysing for ei førsteamanuensis-stilling i internasjonale relasjonar (IR) ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) har drege fleire til tastaturet på Twitter.

Det er desse avsnitta i stillingsutlysinga som har fått fleire forskarar på feltet til å reagere:

«We welcome applicants who have a strong record of publications dominated by themes or topics focusing on politics between states (vår utheving), rather than within states or comparisons across states. This includes themes like foreign policy, diplomacy, international negotiations, international institutions, interstate conflicts and international political economy.»

«The applicants must demonstrate in their application how their academic research and teaching relates to the field of International Relations. The evaluation committee will disregard applicants who do not have an academic profile within the field of International Relations, as defined above (vår utheving).»

Internasjonale relasjonar = politikk mellom statar?

Reaksjonane går på korleis instituttet i utlysinga avgrensar fagfeltet internasjonale relasjonar til å handle om studiet av forhold mellom statar. Linda Åhäll, som er tilknytt Keele University i Storbritannia som æresforskar i internasjonale relasjonar, var den som sette diskusjonen i gang.

— Problemet med utlysinga er hovudsakeleg at den definerer IR på ein veldig snever måte, som «politikk mellom statar», som i praksis utelukkar ei veldig stor gruppe forskarar, spesielt innan europeisk IR, seier Åhäll, som forskar på mellom anna feministiske tryggingsstudier, til Khrono. Ho legg til:

— IR-forsking som terrorisme, migrasjon eller miljøtruslar er eksempel på forskingsområder som ofte ikkje har politikk mellom statar som sitt utgangspunkt.

Åhäll kom over utlysinga på den britiske nettstaden jobs.ac.uk, og tenkte med det same at det var ein jobb ho kunne ha søkt på. Ho fann likevel raskt ut at det ikkje var nokon god idé å søke.

— Årsaka til at det er problematisk å definere IR som «politikk mellom statar», er at IR som akademisk disiplin historisk har vore dominert nettopp av eit spesielt fokus på statar som dei viktigaste aktørane i global politikk, medan andre tilnærmingar til global politikk har blitt ignorert eller redusert og ikkje sett sett på som «ekte» IR, seier Åhäll og legg til:

— Sidan slutten av 1980-talet har denne avgrensa tenkinga om global politikk blitt kritisert. I dag er IR ein mykje breiare disiplin som inkluderer mange fleire teoretiske perspektiv, som for eksempel feministiske eller postkoloniale analyser av maktstrukturar i global politikk.

— Søk dersom du syns IR bør vere ekstra kjedeleg

Fleire kasta seg på og uttrykte si overrasking over den snevre definisjonen av fagfeltet internasjonale relasjonar. Fleire meiner IR som fagfelt rommar mykje meir enn det UiO opererer med i utlysinga.

Blant dei Roger Mac Ginty ved Durham University, som er ein anerkjent professor innanfor freds- og konfliktstudier — ein del av fagfeltet.

— Søk dersom du syns IR bør vere ekstra kjedeleg og nektar for interseksjonalitet, menneskeleg handlefridom, feministisk nysgjerrigheit og kolonialisme, skriv Mac Ginty på Twitter.

Han utdjupar kva han meiner om utlysinga:

— Ut i frå det Åhäll la ut på Twitter, så ser det ut som om stillinga som er utlyst verkar ganske tradisjonell. Det ser ikkje ut til at ein anerkjenner at IR, som ein akademisk disiplin, og verda, har endra seg. Sjølvsagt må alle faglege disiplinar gi rom for ulike tilnærmingar og argument. Dei sju som er opplista i stillingsutlysinga verkar ganske sneveret for meg, skriv Mac Ginty i ein e-post til Khrono.

Ikkje overraskande for forskarar basert i Norden

Fleire av dei som har kommentert tweeten til Åhäll reagerer også på at ei slik ulysing kjem frå eit universitet i eit skandinavisk land.

Førsteamanuensis Penny Griffin ved University of New South Wales i Sydney, skriv til dømes:

— Eg såg utlysinga og tenkte det same! Eg er også vedvarande knytt til ideen min, som eg ikkje har belegg for, om at alle skandinaviske ting er betre og vart difor ekstra skuffa, skriv Griffin.

Åhäll trur fleire av kollegaane hennar er overraska over utlysinga fordi dei har eit bilete av Skandinavia eller Norden som progressivt.

— Dermed blir det ein kontrast når utlysinga blir oppfatta som veldig tradisjonell og gammaldags når det kjem til IR. Mange av dei som er overraska over kor ekskluderande utlysinga er skriven, er basert i Storbritannia eller Australia, stader der kritiske perspektiv er vanlege, sier Åhäll og legg til:

— Men utlysinga er ikkje overraskande for dei forskarane som faktisk har base i Skandinavia eller Norden. Som Dr. Marjaana Jauhola, ein kollega i Finland, kommenterte: “Velkommen til Norden. Ingen av dei feministiske IR-forskarane i Finland er tilsette i IR. Gjett kvifor?"

— Må leve med usemje kring avgrensinga av fagfeltet

Leiar ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Anne Julie Semb. Foto: UiO
Leiar ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Anne Julie Semb. Foto: UiO

Leiar ved institutt for statsvitskap, Anne Julie Semb, har sett diskusjonen på Twitter og seier dette om reaksjonane som har kome kring stillingsutlysinga:

— Det er rett at institutt for statsvitskap si forståing av kva slags tema som hamnar innanfor fagområdet internasjonale relasjonar utelukker personar som har feminisme som si fremste forskingsinteresse. Feministisk utanrikspolitikk, derimot, som Sveriges utanriksminister Margot Wallstrøm snakka om på Blindern i eit fullsett auditorium for ikkje lenge sidan, fell innanfor, seier Semb til Khrono. Ho legg til:

— Kolonialisme kan utvilsamt også studerast frå eit perspektiv som gjer at det fell innanfor avgrensinga. At det er usemje om avgrensinga av fagfeltet internasjonale relasjonar, må vi nok berre leve med. Og alle som primært har andre forskingsinteresser enn internasjonale relasjonar, er velkomne til å søke stillingar hjå oss som vert lyste ut heilt opent, utan tematiske føringar.