Adventskalender
Inspirerande å debattera morgondagens kompetansebehov
Carina Hundhammer ynskjer seg ein mangfladig sektor som bidreg med sin del av løysinga på kva samfunnet treng i framtida.

Bak den 4. luka i Khronos adventskalender skjular Carina Hundhammer seg. Ho er leiar for forsking og høgare utdanning i Abelia.
— Korleis vil du oppsummera 2022?
— 2022 har vore nok eit år med mange høyringar og innspel knytte til utviklinga av universitets- og høgskulesektoren. Ny universitets- og høgskolelov, omprioritering og midlertidigheit er tre ord eg vil hugsa frå dette året.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Eg synest det har vore inspirerande å delta i ulike debattar om morgondagens kompetansebehov. Det er eit spanande tema.
— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?
— Det er krevjande at regjeringa ser universitets- og høgskulesektoren som éi homogen gruppe. Det er han slettes ikkje. Det er statlege, veletablerte universitet, dei yngre universiteta og dei private ideelle som alle har eit viktig bidrag inn i å byggja kompetansen arbeidslivet vil ha bruk for i framtida.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Eg meiner me treng ein heterogen sektor som kan løysa ulike behov i samfunnet, frå heiltidsstudenten på éin stad, via fagskulestudenten, som ynskjer det litt meir praksisnære og til dei som ynskjer å studera på nett. Og me må ikkje gløyma alle dei som må oppdatera kompetansen gjennom livslang læring. Det finst ikkje eitt svar på dette, og me må sjå og setja pris på at sektoren kan bidra på ulike vis.
— Kva skal du gjera i jula?
— Eg håpar eg skal få slappa av med vener og familie, og å få tid til ein skitur i ny og ne.
Nyeste artikler
Trump truer med å frata Harvard retten til å ta imot utenlandske studenter
Ser vi egentlig på de riktige problemene i lærerutdanningen?
Slet med å lese og skrive til hun gikk i 8. klasse. Så oppdaget hun westernromaner
Mener hun fikk sparken fra Columbia fordi hun hjalp demonstrerende studenter
Bluesky danker ut X: Deler mer ny forskning. — Blitt en søppelkasse
Mest lest
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Trumps økonomirådgiver fikk toll-argumenter av sin «fantasiprofessor» Vara
Ikke kall det bachelor og master før vi vet hva vi snakker om
Her fullfører flest studenter på normert tid
Halvparten vet ikke hva studentene trenger når de ber om tilrettelegging